Næringsliv | 15. sep. 2011

– Fagkunnskap er nøkkelen

Turid Leikvoll Hjelle på Fisketorget trur kunnskap og service er nøkkelen til suksess i Os sentrum.

– Fagkunnskap er nøkkelen
Andris Hamretorsdag 15. sep. 2011 12:43

For seks år sidan tok ho over etter «Lepsøyen». Etter eit par tøffe år ser ho igjen lyst på framtida.

Då ho tok over Fisketorget i Brugata, tok ho òg over ein kundemasse og ein godt innarbeida butikk med alt frå fisk og sjømat til bleier og bind på menyen.

– Dei første åra gjekk veldig bra, men vi kasta ganske raskt ut det som ikkje har med kjerneverksemda å gjera.

– Eg trur nemleg at skal du driva ei spesialforretning som Fisketorget, så må du våga å spissa utvalet, konsentrera seg om det du vil vera god på, forklarar Turid.

Tøffe avtalar

Ein anna grunn til at ho kasta ut alt som ikkje er relatert til fisk og sjømat er dei innkjøpsordningane som rådar i daglegvarebransjen.

– Som ein liten og uavhengig butikk har vi ikkje sjanse til å få dei same innkjøpsvilkåra som dei små og store kjedane.

– For ein del varer er det faktisk billigare om eg går til ein av kjedebutikkane og handlar enn om eg handlar direkte frå grossist.

Dyktige tilsette

Desto viktigare blir det å levera på service, fagkunnskap og kvalitet på varene.

– Hos oss skal kundane få svar på det dei lurer på, anten det er tips til meny og kva som passar saman eller korleis sjømaten skal lagast til og serverast.

– Eg har nokre fantastiske medarbeidarar som gjer ein utruleg god jobb for meg og for kundane, smiler ho.

Tok pause frå catering

Då det blei ledige kjøkkenlokale i dei gamle Drageset-lokala i Industrivegen fekk Leikvoll Hjelle og kollega Veronika K. Engevik tilbodet om å leige lokala og starte catering.

– Vi kasta oss på og fekk eit solid bein å stå på, men i 2009 gjorde vi eit val som i ettertid viste seg å ikkje vera så smart.
Dei gav seg med cateringverksemda.

– Cateringkjøkkenet låg i Industrivegen og vi hadde butikken her i Brugata. Vi følte vi kjørte i skytteltrafikk mellom dei to plassane for å halde tritt med alt som skulle gjerast. Til slutt følte vi at det gjekk utover butikken og at nok var nok.

Starta opp att

Valet har ho nok stundom angra på i ettertid, og no har Fisketorget igjen starta opp catering, men no frå butikklokala i Brugata.

– Cateringa går bra og er ei viktig årsak til at eg trur vi nok igjen kan levere svarte tal i rekneskapen, seier Turid.
No leverer ho catering til ei rekkje verksemder rundt i kommunen, kundar som treng god og sunn møtemat eller noko å eta om dagane blir lange på kontoret.

– Vi merker trendene. Det er mange som spør om vi leverar lavkarbomenyar, noko vi sjølvsagt gjer, seier Leikvoll Helle medan ho ramsar opp alle dei helsemessige fordelane med fisk og sjømat.

– Visste du at dei i skulekjøkkenet til guten min i 7. klasse anbefaler ungane å eta fisk annankvar dag? Eg trur ikkje mange klarer å følgja den anbefalinga, seier Leikvoll Hjelle medan underteikna må medgje at det skortar nok noko på å nå den mengda i heimen.

Sunt og godt alternativ

Som mor til travle ungdommar veit fiskehandlaren alt om korleis ein vanleg ettermiddag fortonar seg i dei fleste osiske heimar med dårleg tid til middag før ungane skal avgarde på trening, korps eller andre aktivitetar.

– Om eg berre ein liten halvtime til å laga middag på, kan du hjelpe meg?

– Ja, sjølvsagt, smilar ho.

– Då vil eg foreslå du lagar ei fiskeform eller ei fiskesuppe/gryte (sjå oppskriftar i eiga spalte). Kjem du innom her hjelper vi deg å finne råvarene, reinsa fisken og gje deg gode tips for å gjera middagen til eit herremåltid.

– På ein halvtime kan middagen stå på bordet og familien din får seg eit godt grunnlag for å halde høg aktivitet utover ettermiddagen, seier Leikvoll Hjelle med eit smil.

Ho fortel at dei òg har ferdige middagar som fiskesuppe og plukkfisk som berre er å ta med seg heim og varma på omnen.
Cateringverksemda, Os sjøfront og andre sentrumsnære bustadprosjekt og trender gjer at fiskehandlaren ser lyst på framtida.

– Vi har vore nede i ein bølgjedal, men no er vi på veg opp igjen. Eg har tru på framtida for Fisketorget og for Osøyro, avsluttar ei optimistisk Turid Leikvoll Hjelle.

SJÅ TO KJAPPE OPPSKRIFTER PÅ SUNN OG GOD FISKEMIDDAG HER

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.