Lokal | 27. jan. 2012

Fagrørsla - ein garanti for demokratiet

Lesarinnlegg, Vigdis Vestvik (SV): Os SV tek sterk avstand frå den handsaminga av dei tilsette ved Peppes Pizza på Os som framkom av artikkelen i BA.

Fagrørsla - ein garanti for demokratiet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. jan. 2012 10:44

"Ansatte ved Peppes Pizza-restauranten på bryggen i Os føler seg trakassert og truet av ledelsen. Bakgrunnen mener de er at de ønsker å organisere seg.”

Dette er innleiinga til artikkelen som stod å lese i nettavisa til BA den 13. januar 2012.

At det framleis i 2012 er naudsynt å kjempe for arbeidstakarars rett til å fagorganisere seg vert smerteleg gjort til kjenne når ein les om kva arbeidsforhold dei tilsette har på Peppes Pizza i vår eiga bygd Os.

Og det er nok dessverre ikkje eit eineståande eksempel på arbeidstilhøva for mange arbeidstakarar i norsk arbeidsliv.

Det er ei utvikling i arbeidslivet som går i retning av:

• stadig fleire deltids- og mellombelstilsette

• vikarbyrå tek over arbeidsgjevars ansvar for fast tilsette ved at fast arbeidskraft i stadig større grad blir erstatta av vikarar.

Ei slik utvikling er med på å undergrave fagrørsla og dermed ei svekking av rettane til dei tilsette.

Eit arbeidsliv prega av eintydig merksemd om størst mogleg overskot og effektivitet er ein trussel mot anstendige løns- og arbeidsvilkår, og med det også retten til å fagorganisere seg.

SV vil kjempe for arbeidsfolk sine rettar og arbeidstilhøve og seier med anna i sitt fylkesprogram at:

”Fagrørsla - ein garanti for demokratiet”

”Fagrørsla har vore ei av dei viktigaste drivkreftene for sosial og økonomisk utjamning og demokratisering av samfunnet. I dag står fagrørsla under press, ikkje minst på arbeidsplassane. I eit demokratisk samfunn er det ikkje akseptabelt at arbeidsgjevarane åleine har råderetten over næringslivet og arbeidsplassane.”

Os SV tek sterk avstand frå den handsaminga av dei tilsette ved Peppes Pizza på Os som framkom av artikkelen. Os SV vil sterkt oppmoda leiinga ved Peppes Pizza til å endre kurs og heller leggje til rette for organisering. Retten til å organisere seg må framleis vere ein grunnleggjande rett i norsk arbeidsliv-også i Os!

Styret i Os SV
v/leiar Vigdis Vestvik

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.