Børge Lunde (midten) og sonen Erik fekk dei første stykkene på Rolf og resten av Tveit-familien sin kakefest i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Familien Tveit tar avskjed med stasjonen

I dag er det kakefest, søndag kveld blir Best stengt, så kjem døgnopen 7-Eleven.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I slutten av januar blei det kjent at familien Tveit, etter 39 år i bransjen, leiger ut bensinstasjonen i Byvegen frå 1. april.

– Eg kjem til å sakna pannekakene, dei beste i bygda. Det er utruleg korleis dei har bygd ein av Noregs mest moderne bensinstasjonar av den gamle Shell-stasjonen som ingen hadde tru på, seier kunde Børge Lunde, som i dag fekk det første kakestykket.

Så fekk den tidlegare varaordføraren selskap av sin tidlegare klassestyrar, Nils Kristian «Kisken» Lygre.

– Eg hugsar ein ung elev som sa han skulle på Stortinget. Eg har ikkje sett deg der enno, terga Lygre, mens ein leverandør i minst like oppmuntrande ærend kjem inn døra.

– Familien Tveit har vore kunde hos oss i 40 år, og det har vore gjensidig. Dei er fantastiske menneske, så flittige og så flinke, seier den pensjonerte rørleggarmeisteren Sverre Samdal.

Besøk = jobb

Med seg hadde han ein bukett til familien, som i dag er styrka med siste søsken i flokken på fire, Gro Tveit Våge. Gro jobba med familien på Esso, men flytta til Sotra då Os Servicesenter starta Best-stasjonen.

– Kva gong ho er på besøk i Os så er ho med og hjelper til, og ho er alltid på plass på merkedagar som denne, seier veslesøster Sonja.

– Det er kanskje ikkje så rart, skal eg vera med familien, så må eg jo vera her. Heime på Klyva er det jo tomme hus frå morgon til kveld, seier Gro og ler.

– Men no får vi nok tid til å gå på kafé i lag når du kjem på besøk, lover Sonja og Helga.

Pappa Svein Tveit, som framleis er med i drifta, synest det er rart at epoken snart er over.

– Det blir uvant, seier 83-åringen, som blant anna har køyrd i skytteltrafikk for å passa på at Best har konkurransedyktige drivstoffprisar.

– Eg kjem nok til å halda fram med å sjå på pristavlene i nokre veker.

Stenger søndag kveld

Dei tilsette hos Best går over til XY/7-Eleven, mens søstrene skal bidra på verkstaden med broren Rolf.

Der er det 5+2 tilsette frå før, på mekanisk og lakk- og karosseriavdelinga.

Søndag klokka 20 stenger dei døra og gir nøkkelen til leigetakar, som allereie er i gang med ombygging av lokalet.

Bygger ny, døgnopen butikk

Ny drivar av komande YX/7-Eleven er Egil Leganger. Han driv frå før tre tilsvarande stasjonar, desse ligg i Drotningsvik, på Kleppestø og i Arna.

Han fortel at kiosken får full ombygging, fleire sitjeplassar og skal vera døgnopen.

– Vi ønskjer å halda heile butikken open døgnet rundt. Alle stasjonane våre har luke, i tilfelle det blir bråk, men det har gått heilt fint på dei andre stasjonane å sleppa kundane inn om natta i helgene. Vår erfaring er at det kan bli meir trøbbel om kundane må stå ute og frysa, sa Leganger til Midtsiden i januar.

No fortel han at målet er å opna igjen allereie førstkomande onsdag.

– Det blir begrensa utval første dag, men torsdag får vi varelevering. Om ikkje det blir streik.

– Vi skal bygga endå fleire sitjegrupper enn dei to nye som allereie er på plass. Vi får sitjegrupper langs vindauga òg, i alt skal det bli plass til rundt 20 gjestar på 7-Eleven.

– Kva med pannekakene?

– Mange spør om det, og vi har tilbod om å overta oppskriftene. Eg har rekna på det, og førebels ser det ikkje ut til å svara seg å ha ein tilsett ståande på pannekakesteiking i fleire timar kvar dag. Men vi får sjå, det skal uansett bli mykje god mat på menyen, lover han.

Opningsfest for 7-Eleven blir veka etter, 7 minutt på 11 torsdag 11. april.

Fleire saker