Fotball | 08. okt. 2023

Fana fekk ikkje revansje over Os

Formkurvene tilsa noko anna.

Fana fekk ikkje revansje over Os
Lukas E. Olsen, her i heimekampen mot Fana, gjorde ekstra god figur i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 08. okt. 2023 12:33

Mens 1. plass og 2. plass møttest i Lysefjorden var det laurdag Os på 3. plass mot Fana på 4. plass på Nesttun.

Os vann 5-0 heime over Fana i vår, men i går låg det an til ein annleis kamp.

Fana - Os 1-1 (0-0)
Målskårarar: 0-1 Håvard V. Karlsen (79.) og 1-1 Tim Nilsen (82.)

Fana har vunne 4 av dei 5 siste, trass tap av sju spelarar frå mai til no. Os sto med tap i 3 av dei 4 første før oppgjeret med osingen Ørjan Håland sitt Fana.

– Vi hadde sjansar nok til at vi kunne ha leia 3-1 til pause. Men vi fekk ikkje desse i mål, og alt i alt blei det ein jamn kamp, seier tidlegare Os-trenar Håland.

Brenne er nøgd med omstillinga frå Lokomotiv-kampen førre helg.

– Vi rekna med å møta eit revansjesugent Fana-lag, og det gjorde vi. Sjølv hadde vi fokus på å gå til kamp med det rette energinivået, og det klarte vi.

– Mens Fana sine sjansar i grunnen kom der vi snubla, klarte vi å spela oss til fine sjansar. Spelarane viste vinnarvilje, og eg vil spesielt løfta fram Lusan Einarsen Olsen, som gjorde ein enorm kamp i går.

Os held seg på 3. plass, eitt poeng framfor Fana og fire poeng bak Frigg.

Tre rundar står igjen.

Neste kamp går heime mot serievinnar Lysekloster laurdag.

Os sine to siste motstandarar for sesongen er Grorud 2 (borte) og Sandviken (heime 29/10)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.