Lokal | 21. mars 2010

Fanga av vulkan

Stortingsrepresentant Laila Reiertsen (Frp) sto sundag fast på Island etter vulkanutbrot.

Fanga av vulkan
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. mars 2010 22:11

22 av Framstegspartiet sine 44 stortingsrepresentantar sto sundag i fare for å gå glipp av morgondagens møte. Fleire hundre er evakuert Island etter eit vulkanutbrot på øya, og flyet som dei norske politikarane skulle tatt i 17-tida var avlst.

- Det er veldig mange som skal stilla spørsmål i morgon, seier Laila til ba.no.

Det var vulkanen ved isbrea Eyjafjallajökull, som ligg rundt 120 kilometer aust for Reykjavik, som vakna natt til sundag til liv. Etter ein kvil på 187 år.

Delegasjonen frå Frp, som også inkluderer Siv Jensen, var på Island for faglege sesjonar om økonomien i landet, og for utflukter på øya. Dagen før utbrotet kjørte dei forbi vulkanområdet.

- «Tenk om vulkanen hadde vakna til liv no», sa eg. Og så skjedde det dagen etterpå, fortel Laila.

På ein sms til Midtsiden.no i natt fortel ho at ho nettopp har landa i Oslo.

- På toppen av alt gjekk Iceland Air ut i streik så det er framleis mange som ikkje har kome seg heim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.