Lokal | 05. des. 2012

Fann 40 syndarar

Trudde du at parkeringsvakten i Os berre kontrollerte Os sentrum? Då trudde du feil. – Varåsen er blant nabolaga som blir prioritert i tida som kjem, åtvarar Elisabeth Thomassen.

Fann 40 syndarar
Øvre Varåsen i dag: Når dei nye skilta er på plass risikerer folk gebyr om dei står parkert som dette. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. des. 2012 12:01

Sommaren 2011 byrja Os kommune med handheving av parkeringsreglane i Os sentrum. Etterkvart kom også skilting og informasjonsskilt på plass.

Osingane og gjestar har etterkvart lært seg reglar og rutiner, men enkelte blir overraska når dei brått får gebyr på bil parkert i eige nabolag.

– Eg er tilsett for å kontrollera all parkering i Os kommune og i periodar blir det patrulje til enkelte nabolag, seier parkeringsvakt Elisabeth Thomassen.

Ikkje berre brøyting

Etter at det kom litt snø både på tampen av oktober og i starten på desember har ein del brøytebilsjåførar fått trøbbel med feilparkerte bilar.

– Dei får ikkje brøyta skikkeleg og dei kan få problem med både tilkomst og det å snu bilen, om det er for mange feilparkerte bilar.

– Men parkering handlar også om trygg skuleveg. Trafikk som må svinga på utsida av bilar parkert langs vegen kan lett koma brått på ungar på sykkel eller ski, åtvarar ho.

Verstingar i Varåsen

Varåsen er blant dei aller største bustadområda i Os, men det ser ikkje ut som om alle har nok parkeringsplass til kvar bustad.

– Eg var oppom i går og på sørsida av bommane fann eg rundt 40 feilparkerte bilar, 30 av dei i Øvre Varåsen, 10 i Nedre Varåsen.

I vedtekt frå 1985 er det forbod mot parkering langs vegen i heile Varåsen.

– Ein del skilt er øydelagt eller tatt ned, men no kjem nye skilt på plass og då blir det hyppigare kontroll og handheving.

Unngå fortau - hald avstand frå kryss

Sjølv om skiltinga førebels ikkje er god nok var det enkelte som fekk gebyr også i går.

– Det er ein del generelle reglar som gjeld uansett, og desse blir det reagert på.

Det er blant anna totalforbud mot stopp på fortau. I tillegg må du stoppa eller parkera minst fem meter frå vegkryss og gang- eller sykkelfelt.

– Varåsen er eit av fleire nabolag med mykje feilparkering, også andre bør passa på kvar dei set frå seg bilen, sjølv om dei ikkje er i Os sentrum, seier Thomassen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.