Lokal | 12. aug. 2014

Fann båt på rek

Ein 13-14 fots jolle funnen på rek i Hauglandssjøen.

Fann båt på rek
ill.foto: Andris Hamre
Andris Hamretysdag 12. aug. 2014 09:47

Politet fekk måndag melding om at ein 13-14 fots jolle med påhengsmotor hadde blitt funnen og tatt hand om i Hauglandssjøen.

– Der er ein Vernøy 430 med ein Mariner 10 HK påhengsmotor.

– Den har truleg slitt seg i stormen i helga.

– Meldaren har fortøyd den der inne, så om det er nokon som savnar den så finn dei den der inne, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Nokre meldingar om naturskader

Når det gjeld «Bertha» sin herjingar måndag kveld og natt til tysdag så har den fore finare fram enn ein kanskje hadde frykta.

– Vi har fått nokre meldingar om tre som har velta og liknande.

– Mellomanna ei melding frå Hegglandsdalen om ein stein som hadde rasa ut. Der blei Vegtrafikksentralen varsla, slik at dei rykte ut.

– Ellers er det brannvesenet som har vore den lokale ressursen i høve desse skadene, fortel Hadler-Olsen.

I følgje vakthavande hjå brannvesenet blei natta rolegare enn venta. Dei har ikkje loggført nokre utrykningar som følgje av vinden.

– Vi har registrert to meldingar. Eit tre på Søfteland og eit på Lyngheim. Desse blei teke hand om av henhaldsvis Mesta og kommunal drift.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.