Lokal | 05. juni 2019

Fann båt på rek

Brannvesenet etterlyser eigar.

Fann båt på rek
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. juni 2019 13:11

Båten på bildet er funnen på rek utanfor Skotøysund (N60°11.182` E005°20.230).

Det var ikkje mistanke om sakna frå båten.

– Den er tatt inn til land og fortøydd, opplyser Gitle Smaadal frå Os brannvesen.

Brannvesenet ber eigar melda seg (vakttelefon 91568590) så dei veit at båten blir tatt hand om.

OPPDATERT: Eigar meldte seg etter cirka ein halvtime, og har fått veta kvar båten kan hentast. Den var sakna frå Balandsneset, og har med andre ord ikkje vore på langtur utan førar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.