Fann bevisstlaus kvinne
Politiet har i helga tatt hand om to fulle kvinner, ein plagsam mann og ein som rava midt i vegen opp Mobergsbakken.


Natt til søndag blei ei kvinne funnen bevisstlaus på ein fortauskant i Os sentrum.
– Ho hadde truleg fått i seg for mykje alkohol. Helsevesenet blei kopla inn og dei tok hand om kvinna vidare, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Politiet møtte også ei anna kvinne som hadde fått i seg litt for mykje, men ho var vaken og blei etterkvart sendt i retning heim.
Søndag morgon blei ein kvinneleg turgåar meldt sakna, men ho kom til rette av seg sjølv.
Plagsam mann
I 3-4-tida natt til søndag fekk politiet melding om ein mann som gjekk i bilvegen opp Mobergsbakken.
– Han var mørkkledd og til fare for seg sjølv, men patruljen fann han og fekk han vekk frå vegen.
Ein mann som oppførte seg ufint på ei adresse i Hagavik fekk politiet til å rykka ut.
– Vi sendte mannen frå staden.
Medan politiet var i Hagavik fann dei ein bil som sto på lista over bilar som skal avskiltast.
Fann sykkel - og stinkande dyreskrott
I løpet av helga er ein sykkel funnen og tatt hand om som hittegods.
Frå Ervikane fekk politiet melding om eit daudt dyr, truleg ein hjort, som låg i fjøra og stinka.
Brannesenet blei kontakta og dei tar hand om forureininga.