Fann feil på 3 av 2380 bilar
ANPR-kamera i dag. Dei største feila fann dei likevel manuelt.


Statens vegvesen hadde trafikkontroll på vekta på E39 Halhjemsvegen i dag.
Dei hadde med seg ANPR-kamera, eit kamera som les skilt og sjekkar om det er krav knytt til køyretøya.
3 av 2380 registrerte køyretøy blei stoppa, ifølgje vegvesenet sin rapport.
Eitt av dei mangla etterkontroll etter EU-kontroll, eit anna mangla forsikring og det tredje var det ikkje betalt omregistreringsavgift for.
Ein hengar med fleire feil
Éin av bilistane køyrde med tilhengar med samla totalvekt på over 3500 kilo, men vedkomande har berre klasse B-førarkort.
Vidare hadde ikkje tilhengjaren bremselys og dårlege bremser. Det viste seg også at denne hengaren hadde bruksforbod grunna manglande omregistrering.
Her blei det bruksforbod for alle tre forholda. Førar vil bli meld for å køyra med tilhengjar som han ikkje hadde lov å trekka.
Heimelaga eksos
Eit køyretøy fekk mangel på eksosanlegget. Her var bakre eksospotte erstatta med røyr. Dette må eigar tilbakestilla å visa på trafikkstasjonen for ny godkjenning.
Eit anna køyretøy vart stoppa fordi det var montert oransje lys i ledbar framme. Det er berre tillate å ha kvite lys som lyser framover. Denne hadde også feil farge i forhold til det som var registrert i vognkortet.
To personar fekk gebyr på 1500 kroner for ikkje å bruka bilbeltet rett.
Ein del køyretøy hadde også lysfeil.
Vegvesenet oppmodar om både å sjekka lys og tilhengarappen for å sikra at du køyrer trygt og lovleg.





