Kultur | 20. mai 2009

Fann låta si på YouTube

Vegard Skorpen, mannen bak Frode Vidars-låtane, fekk seg ei overrasking då han søkte på artistnamnet sitt på YouTube.

Fann låta si på YouTube
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. mai 2009 19:54

Vegard Skorpen har som dei tre brørne sine drive med musikk i mange år, ikkje minst som låtskrivar for seg sjølv og andre.

Under namnet Solenby har han lasta opp fleire låtar på internett, blant anna på den internasjonale sida garageband.com.

- Den eine låta mi, "You And I", var ei stund inne på ei toppliste over dei som var mest nedlasta. Det er nok her jentene har blitt kjent med låta, trur Vegard.

Skorpen står bak både tekst og melodi, og spelar alle instrumenta på "You And I". På all-time-high-lista ligg låta no på 100. plass av 6250 låtar.

Fann video

Då han søkte på "Solenby" på YouTube fann han nemleg ein musikkvideo nokon har laga av låta.

Sjå musikkvideoen på YouTube.

- Nokre jenter, truleg engelske, har hovudrollene i videoen. Ein fin produksjon i ein video eg likar godt. Det var morosamt å sjå - så eg måtte skriva ein kommentar til filmen.

"Hey, thats my song! Cool video" skreiv Vegard.
"what do u mean its ur song? lol i'm confuzzled x" svara jentene bak videoen.

Det er nok ikkje vanleg at artistane sjølv kommenterar eigne låtar på YouTube.

Opptatt med Frode Vidars-produksjon

Skorpen har skrive fleire hundre poplåtar. Etter at han flytta heim igjen til Os frå Oslo kasta han seg over eit lite dansebandprosjekt med bandet Karusell, men så blei det svårsk dansebandmusikk med Frode Vidars.

- Det har vore veldig gøy å jobba med Frode og Vidar. Dei har fått mykje merksemd og er morosame typar, synes Vegard.

- Du bryr deg ikkje om musikken din blir framstilt på humoristisk måte?

- Nei, eg skil mellom dette prosjektet og Solenby, så det er ikkje noko problem.

Fire låtar er ferdige til no. I vekene som kjem skal Skorpen laga yttarlegare fire låtar, til albumet Frode Vidars skal ut med i sommar.

Vil laga Solenby-video

Sjølv om han liker videoen som allereie ligg på YouTube, har Vegard nyleg byrja å tenka på å laga sin eigen musikkvideo.

- Eg vil laga ei ny låt og spela den inn med lokale musikarar. Kanskje det òg blir ei sommarlåt, seier Vegard Skorpen.

Vegard har førebels ikkje gjeve ut verken album eller EP med Solenby. Men før musikkvideoproduksjon blir det nokre travle veker med dansebandmusikk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.