Lokal | 11. juli 2012

Fann LSD, men ikkje bil

Politiet greip kvinne med narkotika, fekk melding om vinglete Skoda, men fann den ikkje.

Fann LSD, men ikkje bil
Andris Hamreonsdag 11. juli 2012 10:41

Politiet greip onsdag ei kvinne i Flåtenområdet.

- Ho var ikkje nykter for å seie det slik.

- Då ho blei ranska fann patruljen det vi trur er amfetamin og LSD på kvinna, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os Lensmannskontor.

Kvinna blei tatt med til lensmannskontoret for avhør kor ho etterkvart blei dimitert.

- Saka blir no oversendt påtalemynde, så kvinna kan vente seg å måtte møta i retten, seier Sperrevik.

Vinglete Skoda på E-39

I 17-tida fekk politiet melding om ein sølvgrå Skoda på Byvegen i retning Os.

- Den skal ha køyrd vinglete og mellomanna køyrd forbi eit par bilar.

- Patrulja rykka ut for å freiste å stoppe bilen, men påtraff den ikkje, avsluttar politioverbetjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.