Lokal | 25. sep. 2019

Fann mistenkeleg pakke under strandrydding

Vgs-elevar på strandrydding i Ervikane fann to «mursteinar» med stoff pakka i porsjonsposar.

Fann mistenkeleg pakke under strandrydding
Nokre av elevane gjekk over gangbrua for å rydda boss ytst på Vetle Hestholmen. Der fann dei pakken som kan vera fylt med narkotika. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. sep. 2019 07:47

Os vidaregåande starta måndag si årlege miljøveke. Temaveka består av blant anna foredrag, bedriftsbesøk, kunstprosjekt og strandrydding.

I går hadde elektro-avdelinga rydding i Ervikane, og der blei det gjort eit spesielt funn.

– Vi fann to pakkar med gaffateip rundt. Dei var omtrent like store som to mursteinar, fortel ein av elevane til Midtsiden.

– Då vi opna dei fann vi fleire porsjonsposar med eit eller anna stoff i.

– Det er ikkje narkotika

Pakken blei funne på land, men nær vasskorpa, ytst på Vetle Hestholmen, holmen du kjem til om du går over gangbrua i Ervikane.

Funnet blei gjort i 10-tida. Elevane gav pakken til læraren, som varsla politiet.

– Eg kan stadfesta funnet. Vi var og tok imot pakken i går ettermiddag, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

– Stoffet må til analyse før vi kan seia sikkert kva det er. Vi har heller ikkje hatt tid til å gå gjennom denne sjølv, så det er for tidleg for meg å kommentera saka ytterlegare.

OPPDATERT: Politiet har gått gjennom funnet, og mistenker ikkje at dette er narkotika.

– Det var både små og store plastposar i pakkane med teip, og noko tøystoff, men ikkje noko stoff som vi mistenker er narkotika. Det var òg eit lodd i pakken, så den hadde ei viss vekt.

– Det er positivt både at folk ryddar plast og at dei er merksame, eg er einig i at denne pakken såg mistenksom ut, seier Lyssand.

I april 2015 var det nettopp merksame folk som gjorde at forsøk på smugling av ecstacy verdt 2,6 millionar blei avslørt. Nokon kasta ein bag med tablettar frå danskebåten, då den køyrde gjennom Vatlestraumen. Bagen blei plukka opp av nokon i ein gummibåt. To menn blei ifølgje BA.no dømt i fjor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.