Lokal | 20. aug. 2012

Fann narkotika

Politiet var på ransaking av ein bustad laurdag.

Fann narkotika
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 20. aug. 2012 09:26

I helga har det vore fleire trafikkuhell i Os, ved to av tilfella mistenker politiet promillekjøring; velt med moped natt til laurdag og utforkjøring med bil natt til søndag.

Søndag morgon var det ei utforkjøring med bil i Sørstrøno. Bilen knekte ein lyktestolpe, men den utanlandske bilføraren, som var åleine i bilen, kom frå det utan alvorlege skadar.

Her var det ikkje mistanke om promille.

Støy, fyll og funn av narkotika

Laurdag på dagtid var politiet på ransaking på ein bustad.

– Vi fann mindre mengder narkotika, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Natt til søndag fekk politiet fleire meldinger om støy frå ulike private festar i Os.

Dei fekk også melding om ein veldig full mann i Os sentrum, men han blei tatt hand om av sambuaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.