Lokal | 01. jan. 2009

Fann papegøye på Osøyro

Saknar du ein papegøye? Marianne Holmefjord (t.h.) fann ein kald, men pratsam fugl utanfor blomsterbutikken sin i dag.

Fann papegøye på Osøyro
Foto: Kjetil Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. jan. 2009 18:20

- Då eg parkerte utanfor butikken i 14-tida i dag så høyrde eg nokre rare lydar som eg først trudde sonen min Johannes lagde, fortel Marianne.

Men lydane kom frå ein fugl som sat ved inngangen til Handlegården.

- Broren min Bjørn, som kom like etterpå, gjekk bort for å fanga den, og det var ganske lett. Vi tok papegøyen inn i butikken, og her har den vore i heile dag.

Ville ikkje ha undulat-mat
Marianne, som eig både Osøyro Blomster Os Blomsterservice, har travle tider på jobb. I dag har fleire i familien vore i sving.

- Eg har undulatar i butikken frå før, men deira mat ville ikkje papegøyen ha. Den har fått eple og litt anna, og ser ut til å ha det bra, seier Holmefjord.

Ho trur ikkje papegøyen ville levd lenge om den blei verande utandørs.

- Vi har ring politiet for å seia fra om funnet, slike papegøyar er ikkje billige. Det er sikkert nokon som har mista den, og som saknar den. Eg tar den med heim i natt og ned igjen i butikken i morgon. Eigar kan kontakta oss i butikken på telefon 56302696, eller koma innom, seier Marianne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.