Lokal | 02. feb. 2018

Fann revolver frå 1871 under ransaking

Tiltalte erkjente ikkje straffeskyld etter funn av ladd revolver på soverommet hans.

Fann revolver frå 1871 under ransaking
Tiltalte erkjente forholda, men ikkje straffeskyld. Det kvalifiserte ikkje til strafferabatt. (Arkivbilde, Bergen tingrett. Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. feb. 2018 09:28

Måndag måtte ein mann i 40-åra møta i Bergen tingrett etter ei ransaking i august 2015.

Under ransakinga fann politiet ein revolver, ein øvingsgranat og fem-seks ulike typar ammunisjon.

Tiltalte møtte i retten. Han erkjente dei faktiske forholda, men nekta straffeskyld.

Lovleg grunna alder på revolver?

Retten såg raskt vekk frå øvingsgranaten, då det ikkje var bevis for at denne var ladd eller kunne brukast som våpen. Når det kjem til revolveren meinte tiltalte, og han som ganske nyleg hadde selt revolveren til han, at denne var så gamal at det ikkje er krav om våpenkort.

Retten viste til at unntaket det er snakk om, våpen frå 1871 eller tidlegare, gjeld dei som allereie hadde slike våpen då forskrifta tredde i kraft 1. juli 2009. Tiltalte hadde erverva denne seinare.

Revolveren var heller ikkje i eit våpenskap, men låg ladd på soverommet til tiltalte.

Ammunisjonen hadde tiltalte fått av ein kamerat. Han hadde tenkt å levera dette til politiet, men rakk det ikkje før ransakinga fann stad. Kva han hadde tenkt hadde lite å seia, meinte retten, så lenge han ikkje hadde gjort det før politiet fann den.

Risikerte 60 dagar fengsel

At tiltalte erkjente faktiske forhold, men ikkje straffeskyld, var ikkje tilstrekkeleg til å få strafferabatt.

Men tida det tok frå saka blei oppretta til den kom opp i retten, 2,5 år, gav grunnlag for redusert straff.

Tiltalte blei dømt til 45 dagar fengsel, på vilkår, med prøvetid på to år. Han må òg tola inndraging av revolver og ammunisjon, men slapp å betala sakskostnad.

Utan lang liggetid ville han risikert 45-60 dagar fengsel utan vilkår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.