Lokal | 05. des. 2017

Fann rom for næring og kultur

Frp/Høgre/Venstre: Støttar rosemålarverkstad på Lyngheim, Os Næringsråd, uteområde på Luranetunet og Kuhnle.

Fann rom for næring og kultur
Frp/Høgre/Venstre presenterte tysdag eit omforent framlegg til budsjett for 2018 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 05. des. 2017 13:29

I tillegg til ei satsing på barn og unge har fleirtalskonstellasjonen med Frp/H/V funne rom til å støtta Stiftelsen Lyngheim sitt ønskje om å setta opp ein rosemålarverkstad ved det historiske tunet på Lyngheim, noko også Ap og SP/KrF har i sine alternative framlegg.

– FrP/H/V er positive til at Stiftinga Lyngheim kan setja opp replika av rosemålarverkstaden etter Annanias Tveit i det Historiske Tunet på Lyngheim. Rosemålarkunsten er ein viktig del av Os si historie, og deler visjonen til stiftinga om å ta vare på rosemålarkunsten som kulturarv. Vi ser at Stiftinga Lyngheim har evna å tiltrekka seg gode samarbeidspartnarar som har bidrege i å få realisert det Historiske Tunet, og FrP/H/V vil vera med å bidra i dette prosjektet med kr. 250.000 I 2018, fortalde Laila Marie Reiertsen (Frp) i formannskapet då ho presenterte partia sine budsjettframlegg.

Moglegheitsstudie av Raudlio og Stokkedalen

Innan kulturområdet, har de tre partia også satt av 500.000 kroner til ein moglegheitsstudie for det 11.000 dekar store området i Raudlio og Stokkedalen som kommunen kjøpte av Statskog i 2014.

– FrP/H/V er opptekne av dette området skal forvaltast på ein best mogleg måte, og ynskjer å setja ned eit prosjekt som skal sjå korleis vi best kan oppnå dette. Prosjektet må gå gjennom eksisterande avtaler som fins for området, og eventuelt reforhandla desse.

– Det må utarbeidast ein plan for forvaltning av skog, samt at potensialet for vidareutvikling av frilufts- og rekreasjonsområdet må vurderast – gjerne gjennom eit moglegheitsstudie, sa Reiertsen som ba om at det blei satt ned ei prosjektgruppe med representantar mellom anna frå kultureininga, landbrukskontoret, planavdelinga og teknisk drift.

Støttar ny stilling hos næringsrådet

Næring er eit satsingsområdet for Os kommune, med eigen næringssjef og støtte til etableringa av Os næringsråd (ONR). Dei tre partia vil støtta ONR i det vidare arbeidet.

– Vi vil stø søknaden frå Os Næringsråd om støtte på kr. 200.000 pr. år i to år (2018-19) for å vera med å finansiering ei stilling som skal arbeida målretta med marknadsføring opp mot eksisterande og framtidig næringsliv. Det er ein føresetnad at Os Næringsråd, etter desse to åra, sjølv kan finansiera ei slik stilling med eigne midlar.

Dei tre partia set òg av 300.000 kroner til webkamera i Os hamn, både over og under vatn, som eit ledd i å marknadsføra Osøyro som destinasjon for båtturistar.

Sansehagar på Kuhnle og Lurane

Dei tre partia er særs nøgde med dei nye institusjonsbygga på Luranetunet og Kuhnletunet, men ser at det står att noko arbeid med uteområda og løyver 200.000 kroner til kvar av institusjonane.

– Ved å etablera sansehagar/parsellhagar ved institusjonane, vil bebuarar og brukarar få meir kvalitet i kvardagen, med fysisk aktivitet gjennom stell i hagen, meinte Reiertsen, som også gjorde framlegg om å få sertifisert Luranetunet som «Livsgledeheim» og innkjøp av nytt utstyr i open omsorg med 300.000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.