Fann stranda kval
Adrian Valle skulle på Hatvik og fiska då hunden brått reagerte på noko som låg i fjøra.

To skrottar, truleg frå niser, ligg i ei fjøre på Hatvik.
– Eg skulle ut på neset utanfor ferjekaien og fiska du hunden min reagerte på at det låg noko i fjøra, fortel Adrian Valle.
I fjøra ligg to skrottar.
– Det ser ut som om det er niser, synes hobbyfiskaren.
Kor lenge dei to nisene har lagt der og kva som er årsaka til at dei har hamna der er uvisst.
Har du tips? Ta kontakt på 90789270 eller kjetil@midtsiden.no.
Nise er ein tannkval, den minste av alle tannkvalane, og den er eit vanleg syn i Bjørnefjorden.
Dei to skrottane som ligg på Hatvik er av ulik storleik.
Den siste månaden har det stått om fleire niser som har stranda, blant anna på Selestranda og på Borestranda på Jæren i Rogaland.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.