Lokal | 02. juli 2019

Fann «trillebårlass» med freda elvemusling

Statens Naturoppsyn og Os kommune har sett politiet på saka.

Fann «trillebårlass» med freda elvemusling
Dette funnet ved Knutabruo er i dag konstatert å vera elvemusling. (Foto: Ragni Nordås, Statens Naturoppsyn)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. juli 2019 12:57

Laurdag blei følgjande melding lagt ut på Facebooksida «Oppslagstavlo i Os»:

Har campet ved knutabruo og vi fant et trillebår lass med freda musslinga dumpa i skogen her, fy skam.

Elvemusling er internasjonalt sterkt truga av utrydding, og den norske bestanden utgjer om lag ein tredel av verdsbestanden. Muslingen i Oselvo er freda.

– Vi reagerte på oppslaget og kontakta Statens Naturoppsyn. Dei har vore på staden og vi har fått konstatert at det er elvemusling det er snakk om, seier ordførar Terje Søviknes.

Politiet er varsla og har vore på staden. Anten Statens Naturoppsyn eller Os kommune vil melda saka.

– Eg håper at dette er gjort av nokon som ikkje veit. Samtidig ser det ikkje ut som om syndarane har hatt seg eit måltid, men at dei har sett etter perler, seier Søviknes.

– Dette er miljøkriminalitet, og viktig å visa at vi tar på alvor. Eg kan ikkje hugsa at liknande har skjedd så lenge eg har vore ordførar (1999).

– Samtidig er det viktig å informera godt. Vi har allereie diskutert å å gå i dialog med barneskulane for å få litt lokal biologi inn i pensum.

Wikipedia om elvemusling:

• Elvemusling eller elveperlemusling (Margaritifera margaritifera eller Margaritifera (Margaritifera) margaritifera) er en ferskvannslevende nyreformet perlebærende musling som finnes i næringsfattig temperert, rennende vann.

• Den er dessuten en viktig indikatorart på vannkvaliteten i elvene og en nøkkelart, fordi den har stor effekt på økosystemet der den lever. Den renser nemlig vannet.

• Elvemuslingen er internasjonalt sterkt truet av utryddelse, som følge av forsuring og opphopning av næringsstoffer i vassdragene, hovedsakelig på grunn av avrenning fra dyrket mark og andre menneskeskapte forandringer langs elvene.

• De største bestandene i dag befinner seg i Norge og Russland. Den norske andelen utgjør ifølge Larsen (2011) mer enn halvparten av den europeiske bestanden og cirka en tredjedel av verdensbestanden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.