Lokal | 19. okt. 2015

– Fantastisk dugnadsdag

Innsamlingsgeneral Tove Hille roser dugnadsånda i bygda i skyene etter TV-aksjonen søndag.

– Fantastisk dugnadsdag
Tove Hille og Stine Kobbeltvedt jublar over den fantastiske dugandsinnsatsen i samband med TV-aksjonen (foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandmandag 19. okt. 2015 11:08

Om lag 300 bøsseberarar var i sving i Os i går fordelt på ca 185 bøsser. Og resultatet i bøssene vart 300.700 kroner.

– Vi mangla 90 bøsseberarar ei veke før aksjonen, men den siste veka datt dei på plass. Vi klarte å dekkja alle området, men unntak av to vegar – der var det sjukdom som slo ut i går, seier Hille.

– Men nokre fekk kanskje ikkje besøk. Fleire av bøsseberarane kom rett og slett i tidsklemma, og rakk ikkje innom alle hus i sine område før fristen. Folk er stort sett veldig positive når vi kjem på dørene, og tykkjer gjerne det er kjekt å slå av ein prat, legg ho til.

Familieaktivitet

Mest truleg var det flotte veret i går med å påverka resultatet i bøssene i går.

– Vi fekk inn om lag halvparten så mykje i bøssene som i fjor, men det trur eg det er mange grunnar til. Vi møtte mange tomme hus i år, så folk var nok ute på tur i fineveret. Mange av desse har gjerne gitt i ettertid, for vi delte ut mange lappar med kontonummer. I fjor var det dårleg ver, vi var med på kommunekampen på NRK, og det gjorde nok at fokuset var større i fjor enn i år, seier Hille.

– Alt i alt har det vore ein fantastisk dugnad i bygda, og nokre spennande og intense veker no på slutten. Fleire og fleire enkeltpersonar er med og går med bøsser, og mange familiar gjer dette i lag. Vi ser at borna av og til er pådrivarane og får med seg foreldra på tur, og det er veldig kjekt!

Marsj for regnskogen

– Sist veke arrangerte barneskulen i Strøno Strønemarsj. Då var heile bygda involvert, først gjekk dei marsj, og etterpå arrangerte dei kafè på skulen. Og elevane gjorde ein kjempejobb som kafèdrivarar, og samla inn heile 8.800 kroner denne dagen. Desse pengane har dei donert til oss, seier Hille entusiastisk, og viser til at både skulane borna er aktive pådrivarar i frivillig arbeid.

Vellukka kafè og knutepunkt

Hille ynskjer også å berømma Jannike Gangstø Rogne og dei ti konfirmantane ho hadde med seg på kafeen i Kyrkjetunet.

– Dei gjorde ein kjempeinnsats og ordna det slik at alt gjekk knirkefritt der borte. Og det vart servert nydeleg heimebakst, det var nok 16 eller 17 personar som hadde baka til kafeen. Kyrkjetunet var også knutepunkt for utdeling og innsamling av bøsser. Her var også kommune- komiteen for innsamlingsaksjonen til stades både i går og sist torsdag. Dei har gjort ein kjempejobb mellom anna i forhold til å ordna med kart, og innsamlings-område for alle bøsseberarane fortel Hille.

Kommune-komiteen har vore leia av ordførar Terje Søviknes, med Marie Bruarøy som stand-in når han har vore på reise, Ole Høgsve, Inger Tine Brekke, Svein Otto Olsen, Jonny Haugland, Kirsten Nylund, Jannike Gangstø Rogne, Tove Hille og Stine Kobbeltvedt.

– Så mange frivillege har vore med på å få dette i hamn også i år. Det viser ei fantastisk dugnadsånd her i Os. Det er veldig viktig å takke alle – det er gjort ein kjempeinnsats, avsluttar Hille.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.