Sport | 03. sep. 2017

Fantastisk styrkeprøve

Video og stor bildeserie: Os Triathlon blei arrangert for tiande gong i strålande vêr. – Heilt fantastisk, seier stemneleiaren.

Andris Hamresøndag 03. sep. 2017 11:59

Video: Ørjan Håland/Midtsiden.no

Os Triathlon blei for tiande gong arrangert i Ulvenvatnet og på vegen ut mot Strøno. Arrangørane kaller løpet for Vestlandets vakraste triathlon og dei må ha særs gode kontakter med vêrgudane.

– Vi er alltid heldig med vêret, stråler stemneleiar Anne Grethe Kvist like blidt som den store gule sola på himmelen.

Måtte seie nei til fleire

Interessa har berre auka siden den spede starten 2007.

– I år er det 260 deltakarar i vaksenklassa, 40 ungdommar og rundt 70 barn. Då er det fullt. Vi har faktisk måtte seie nei til noken i år, fortel Kvist.

Og deltakarane kjem ikkje frå Bergensområdet, men også meir langvegsfrå som Haugesund, Bryne og Lyngdal.

Sjå stor bildeserie på Midtsiden si facebookside her

– Deltakarane er kjempegira. Mange har hatt ein god sesong og vil avslutta den her på vakre Os Triathlon.

Resultater

Kvinner:

1 Karen Nygård Magnussen, Bryne Triatlonklubb, 1:12:16

2 Hanna Grieg Sæthre, Åsane Cykle klubb, 1:12:26

3 Thea Hovda, Haugesund Triatlonklubb, 1:14:23

Herrer:

1 Vetle Bergsvik Thorn, Åsane Cykle Klubb, 58:52

2 Tor-Aanen Kallekleiv, 1:04:42

3 Tomas Windheim, Bergen Triathlon Club, 1:06:15

Sjå alle resultata her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.