Sport | 25. aug. 2011

Fantastiske forhold

Tysdagens trimmingsseilas gjekk under fantastiske forhold med sol og vind omlag 6 m/sek.

Fantastiske forhold
Andris Hamretorsdag 25. aug. 2011 07:44

Det blei ein traurig start for «Lisa» som fekk problem med å nå tidsnok til start, ikkje grunna vind og bølgjer men ein kranglete startmotor som hadde hengt seg. Dei måtte difor stoppa motoren og krysse seg opp til «Blia». Dermed blei det ikkje den plasseringa på resultatlista som «Lisa» hadde håpa på.

Løypa gjekk frå start ved Blia – bøye ved Bjelkarøy – bøye ved Børnestangen – Blia – Lerøy og til mål ved Blia, omlag 10.5 Nm.

Lys klasse t.o.m 1.20 fekk ein fin start, ”Lady K” med Bjørn Eliassen kom slørande mot øvste merket (kalt grosshandler) og pressa seg mellom ”Exena” med Carl Olav Wickman. Det kom nokre meldingar om at han måtte kome seg opp og vekk, men det gjekk bra og ingen protestflagg blei heist.

Båtane fekk fine krysslegg opp til første merke og runding gjekk utan problem. Det blei fin slør på omlag 60 gradar, på relativ vind ut mot Børnestangen. Farta kom opp i over 7 knop.

Dei største båtane f.o.m 1.21 som starta 5 min bak dei minste båtane, kom no sigande opp og forbi. Nokre hadde satt genaker og med det fått god fart. På høgde med Lerøy blei vindvinkelen mellom 60 og 90 grader noko som gjorde det mogleg å setta spinnaker. Farten auka då ytterlegare.

Neste runding gjekk fin, enkelte skifta til genoa og gjekk rett mot Blia, medan andre jibba spinnakeren og måtte ta ei lavera bane på fjorden, men med større fart.

På ny gjekk rundinga fint og det blei ein fin kryss opp mot merket. Båtane hadde no spreidd seg på fjorden, men det var like viktig å finne fin vind. Den hadde løyet litt slik at det blei viktig å gå inn mot merket med styrbor halser så babord båtane måtte halde unna.

- Det blei fine resultat på Osbåtane. Det er kjekt å sjå at også nye båtar er komen til, fortel Svein Skoglund i ei melding.

- Med litt meir erfaring vil dei nok klartra på resultatlista, trur Skoglund.

Ein av dei nye båtane er katamaranen ”Wild Cat” med Jarle Sørensen. To små skrog og kun netting som dekk, med eit lystall på heile 1.69 suste den forbi alle.

- Her må ein ha våtdrakt, avsluttar Skoglund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.