Lokal | 29. jan. 2021

Får 3,1 millionar til innsats for unge einsame og arbeidsledige

Bjørnafjorden kommune har fått tilskot.

Får 3,1 millionar til innsats for unge einsame og arbeidsledige
Venterommet på Os terminal. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. jan. 2021 12:12

Funn i folkehelseoversikta viser at ein stor del unge i kommunen vår er plaga av einsemd, depressive symptom, søvnproblem og ofte gruer seg til å gå på skulen.

I Bjørnafjorden kommune er det òg ei gruppe med bekymringsfullt høgt skulefråvær, og mange unge mellom 20 og 29 år som mottar stønad til livsopphald frå NAV.

Kommunen søkte om midlar til prosjektet «Verd-sett, saman om livsmeistring og fråværsførebygging», og har no fått tilslag.

– Ei skikkeleg gladmelding! Dette betyr at vi kan setja igang med eit stort og viktig prosjekt, seier Anne-Lise Aaseng, spesialrådgivar og folkehelsekontakt i Bjørnafjorden kommune i ei pressemelding i dag.

Det overordna målet er å jobba saman på barn og unge sine oppvekstarenaer for å styrka meistringsevne og psykisk helse, og for å auka nærvær og førebygga utanforskap.

Kunnskap om trivsel hos barnehagebarn er òg blant det prosjektet skal bidra til å skaffa.

Du kan lesa meir om tildelinga på kommunen si heimeside.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.