Lokal | 29. feb. 2012

Får 4,4 milliardar

E-39 Svegatjørn - Rådal: I Nasjonaltransportplan blir det lagt opp til å bruka 4,4 milliardar på ny veg. Sjå reknestykket her.

Får 4,4 milliardar
Blir det flaggheising for E39 igjen, som i mars 2009? (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 29. feb. 2012 13:26

Fagetatane Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket og Avinor la onsdag fram forslag til Nasjonal Transportplan 2014-2023 (NTP). Blant dei mange prosjekta regjering og storting no skal ta standpunkt til er ny E-39 mellom Svegatjørn og Rådal. Vegen låg òg inne i den førre NTP-en, men er no oppdatert med kalkyler og framdrift.

I prosjektomtalen skriv mellomanna Statens vegvesen:

- E39 på denne strekninga er eineste alternative rute mellom Stavanger og Bergen, og er også viktig for næringsutviklinga i aksen Os-Bergen.

Dagens veg for dårleg

Statens vegvesen peikar vidare på den svært dårlege standarden dagens E39 mellom Os og Bergen har i forhold til funksjon og trafikkbelastning. Dei oppgir ei årsdøgntrafikk på omlag 14.000 køyretøy med ein høg andel av tunge bilar.

- Det er fleire stadar problem med å koma fram og fartsgrensa er i hovudsak 50 og 60 km/t.

- Kjøretida frå Os til Bergen er, utanom rushtida, om lag 35 minutt på den 29 km lange strekninga, skriv vegvesenet.

Etter utbygginga, som omfattar ein 16 km lang firefelts veg, der av 11 km går i tunell, reknar vegvesenet med ei køyretid på rundt 18 minutt utanom rushtida.

I planen ligg òg omlegging av RV 580 på ei strekning på omlag 3 km og opprusting av fylkesvegen i Lysefjordsområdet.

Tunnelløysing gjev usikker kostnad

Einaste usikkerheita vegvesenet trekk fram omkring kostandane er tunnelløysinga i Rådalskrysset.

- Grunna dette er kostnadsoverslaget framleis nok usikkert, skriv vegvesenet som samstundes understreker at det er lokalpolitisk tilslutning til delvis bompengefinansiering av prosjektet.

Her er tala:

I NTP 2010-2019 var prosjektet prioritert med oppstart i perioden 2010-13. I dagens framlegg er det foreslått ein oppstart innanfor planteknisk ramme i perioden 2014-2017. Dersom planrammen aukast med 20 eller 45 prosent foreslås det ei forsering av prosjektet.

Kostnadsanslag/styringsramme: 4 400 mill. kr
Statlig finansiering 2014-2023: 1 950 mill. kr
Annen finansiering 2014-2023: 2 450 mill. kr

Samfunnsøkonomisk netto nytte: – 570 mill. kr
Endring i samfunnets transportkostnader: – 4 210 mill. kr
Endring i bedriftsøkonomiske transportkostnader for næringslivet: – 1 680 mill. kr
Endring i samfunnets transportkostnader for distriktene: – 840 mill. kr
Endring i antall drepte og hardt skadde per år: – 0,8 personer

Endring i CO2-utslepp fra trafikken per år + 2 760 tonn
Totale CO2-utslipp i byggefasen inkludert utslipp i utlandet: 22 000 tonn
Inngrep i eller nærføring til vernede naturområder (sum nasjonalpark, landskapsvernområde og naturreservat): 0 daa
Inngrep i dyrket jord: 0 daa

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.