Sport | 14. juni 2016

Får 4,45 millionar i spelemidlar

103,7 millionar kroner i spelemidlar til idrettsanlegg i Hordaland gav 4 448 000 kroner til anlegg i Os.

Får 4,45 millionar i spelemidlar
Ballbingen på Berge, som er av dobbel størrelse, fekk tildelt 600 000 kroner i spelemidlar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 14. juni 2016 12:03

Regjeringa stilte i april nær 1,2 millionar kroner i spelemidler til rådvelde til idrettsanlegg i kommunane rundt i Noreg.

Hordaland fylkeskommune blei av desse tildelt 103 729 000 kroner som utval for kultur, idrett og regional utvikling fordelte på sitt møte 8. juni.

– Hordaland har lenge hatt eit stort etterslep på tildeling til ordinære anlegg. Etter endringa i spelemiddelnøkkelen har situasjonen betra seg litt, og i gjennomsnitt får i overkant kvart fjerde anlegg spelemidlar, skriv fylkesrådmann Rune Haugsdal i saksframlegget.

Må ha vore godkjend i tre år

Spelemidla er delt i midler til ordinære anlegg og til nærmiljøanlegg. Total er det godkjend heile 344 søknader frå samtlege av dei 32 kommunane i Hordaland, med ein total søknadssum på 365 526 000 kroner.

Tildelinga skjer etter faste kriterier kor det mellomanna heiter at alle anlegg skal inngå i vedteken kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet, anlegga skal vera universelt utforma, dei som har fått tidlegare tildeling skal få dekka delar av restbeløpet, anlegg for friluftsliv skal prioriterast og ordinære anlegg må ha hatt ein godkjend spelemiddelsøknad i minst tre år før den kan få tildelt spelemidlar.

I Os er det godkjent 17 ordinære anlegg med ein total søknadssum på 10 834 000 kroner og 19 nærmiljøanlegg med ein total søknadssum på 3 801 000 kroner.

For 2016 har desse anlegga fått spelemidler

Ordinære anlegg
Lysefjorden Ride og Kjøreklubb, ridebane - 471 000
Os skyttarlag, Feltskyting - 676 000
Os seilforening, Seilanlegg - 353 000
Øyglimt, Lagerbygg - 95 000
Søre Neset IL, Lagerbygg - 147 000
Os kommune, Nordmarka, Knutebrua, turveg - 1 000 000
Os Jakt og Fiskerlag, skytebane 100 m - 116 000

Totalt søkt om 10 834 000 frå lag og organisasjonar i Os, det blei tildelt 2 858 000 kroner

Nærmiljøanlegg
Hovland Panorama velforening, utandørs klatreanlegg - 85 000
Nore Neset ungdomsskule, ballbinge, ballbane 1 - 300 000
Nore Neset ungdomsskule, ballbinge, ballbane 2 - 300 000
Øvre Berge velforening, ballbinge, ballbane 1 - 300 000
Øvre Berge velforening, ballbinge, ballbane 2 - 300 000
Bergstøstranden sameie, gapahuk - 48 000
Nore Neset barneskule, taubane - 121 000
Nore Neset ungdomsskule, utandørs treningsapparat - 136 000

Totalt søkt om 3 801 000 frå lag og organisasjonar i Os, det blei tildelt 1 590 000 kroner

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.