Lokal | 27. okt. 2011

Får besøk kvar dag

Kvar dag har Stall Nytræ barnehagar på besøk. No kan garden også bli open for andre.

Får besøk kvar dag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. okt. 2011 07:57

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Dei ser ut som om dei har vakse opp på gard, 4-5-åringane frå Varhaug Barnehage som vi møtte på Stall Nytræ onsdag. Men sånn har det ikkje alltid vore.

– Mange av ungane er litt skeptiske i starten. Det er ikkje alle som vil ri og det er ikkje alle som har lyst til å gje mat til grisen, kaninane eller geitene. Men det snur raskt, det er veldig kjekt å sjå kor fort ungane blir trygge på dyra, seier Linn Rognsvåg frå Varhaug Barnehage.

Fullt, men ledig

Varhaug er blant fleire barnehagar i Os som jamleg besøkjer garden på Kuven. Kvar onsdag tar dei med ei gruppe på rundt 8 ungar, pakkar niste i sekken og spaserer frå barnehagen til stallen.

– Vi har delt dei to eldste trinna inn i grupper og skifter på kva gruppe vi tar med. Det er ikkje vanskeleg å få ungane til å kle på seg og setja i marsj når dei veit kvar vi skal.

– Eg har barnehagar på besøk kvar dag. Vi har framleis ledig kapasitet tidleg og seint på dagen, for dei fleste vil visst koma i 11-tida, seier Anne Lill Nytræ.

I svigerfar sitt fjøs

Det er fem år sidan Anne Lill tok ei ominnreiing på låven til svigerfar og kjøpte seg nokre hestar.

– Svigerfar har hatt både stutar og høns, men då fjøset sto tomt tenkte eg at eg kunne driva litt med hestar som hobby.

Dottera jobba i barnehage og ville ta ungar med på besøk. Stallen blei raskt oppgradert med fleire dyr og betre tilpassa besøk.

Frå marsvin til geit

Nede ved krysset ved Ulvenvatnet og kyrkjegarden på Kuventræ ligg paddocken. I går starta besøket med hjelm, ridevestar og litt akrobatikk på hesteryggen.

Knappe 100 meter opp bakken ligg stallen, og den framstår som skreddarsydd for besøk. Ungane stormar på baksida og hentar minigrisen Otto, som kjem vraltande etter som ein lat hund.

Inne på låven er utvalet av dyr supert for ungar. I tillegg til dei fire hestane, og grisen Otto, er det 4 høns, 10 marsvin, 7 kaninar og 2 kattungar som ungane kan klappa, kose med og gje mat.

Utanfor står dessutan dei tre geitene Ole, Dole og Doffen. Også desse et mat frå nevane til ungane.

Open for alle?

Mange plassar er dette med gardsbesøk populært, ikkje berre organisert via skule, barnehage eller turlag, men for småbarnsfamiliar som vil ta ungane med på noko spennande ein laurdag eller søndag.

– Det er ein del som har spørt om vi tar imot besøk i helgene, så vi tenkte vi skulle prøva med ein besøksdag og sjå korleis responsen blir, seier Anne Lill.

Laurdag 5. november (frå klokka 12) blir første prøvedag med open gard på Stall Nytræ.

– Det blir gratis å koma på besøk, så får vi heller selja litt saft, kaffi og vaflar. Om det blir ein vellukka dag kan det godt hende at vi held fram med open gard nokre faste helger i månaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.