Får det til å stemma
DeLillos har landa, men skal snart på sjøen.

DeLillos blei litt forseinka, men er i skrivande stund godt i gang med lydprøve.
- Dette skal bli bra, seier Espen Risti hos Opus.
VIP-telt og andre telt er på plass, og i dei siste dagane har det vore travelt på telefonen til utestaden som står for skjenkinga under konserten.
- Førehandssalet er dårlegare enn før. Men det virkar som om telt og tørr asfalt nokre timar laurdag har vore til god hjelp, for det har vore mykje telefonar og folk som har kome innom i dag.
- Men det blir spennande kor mange som kjem, innrømmer Risti.
Etter lydprøven skal DeLillos få, ikkje smak av honning, men smak av sommar. Då skal dei nemleg på vorspiel i ein eksklusiv Meridian i Os hamn.
- Frukt, snittar og snacks står klart, og litt mannabrus om dei vil ha, seier Bjørn Askvik, som stiller ut for Argos Båtsenter og opnar båten sin for dei kjente artistane.
Sjå fleire bilde frå festen på midtsiden.no sundag.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.