«Adjø Montebello» er avslutninga på Karpe Diem sitt musikalske og visuelle prosjekt «Heisann Montebello». Og avslutninga er av det spektakulære slaget. Filmen «Adjø Montebello» avrundar den to år lange reisa og den blir kun vist i fire dagar på utvalde kinoar i Noreg.
– Vi er så heldige at vi er ein av kinoane som får visa filmen. Det er utruleg kjekt og gøy, strålar marknadsansvarleg Veronica Søilen Halhjem på Oseana.
Filmen blir vist på premieredagen torsdag 7. desember.
Selde 10 000 billettar
«Heisann Montebello» starta november 2015 og har gått føre seg i to år. Prosjektet har resultert i sju fantastiske låtar, sju ambisiøse musikkvideoar, ein lang turné og storslagne liveshow med tre utselde konsertar i Oslo Spektrum.
– Då billettane blei slept til filmen i Oslo, blei det seld 10 000 billettar på under eit døgn.
– Billettane til framsyninga på bygdekinoen her hos oss er også i sal no, så det er berre å komma innom resepsjonen og sikra seg plass, avsluttar Søilen Halhjem.
Ny musikk
«Adjø Montebello» er ei reise gjennom Karpe sitt innhaldsrike univers. Store musikalske opplevingar, velkjende karakterar og nye eventyr blir veva saman i ein film ulikt noko anna du har sett. Det blir også introdusert heilt ny musikk!
Premiere: 07.12.2017
Originaltittel: ADJØ MONTEBELLO
Genre: Eksperimentell
Regi: Thea Hvistendahl
Skodespelarar: Chirag Rashmikant Patel (Apen), Magdi Ytreeide Abdelmaguid (Kjeften), Andreas Rand, Rolf-Christian Lie Loberg, Jonatan Blode, Oda Felicia Bardal Sigstad Abdelmaguid.
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Lengde: 1 t. 39 min.
Begrunning: Antatt aldersgrense 12 år.