Næringsliv | 28. mars 2017

Får glastak - 10 år etter paraplylanseringa

I går starta legginga av glastak over fortaua på Øyro, ti år etter paraplyprosjektet «Tak over Os».

I går starta monteringa av glastaket over fortaua på Øyro. I 2007 var det paraplyar det handla om. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. mars 2017 10:05

Bildeserie:

Også Havnechefen får baldakinar i same stil. (Foto: KVB)
Espen Aspenes, Bjarte Wiberg og Børge Lunde i 2007. (Foto: KVB)
Os Sentrumsforening, med sponsorar, kjøpte inn 2000 paraplyar. (Foto: KVB)
Ei dansegruppe frå Laksevåg deltok på lanseringa. (Foto: KVB)
I går byrja monteringa av glastaket. (Foto: KVB)
Samtidig er det montering av søyler og ramme på motsett side. (Foto: KVB)
Høgresida blir tørrskodd denne veka. (Foto: KVB)
Seinare kjem det glas rundt hjørnet på sentrumskvartalet. (Foto: KVB)
Også Havnechefen får baldakinar i same stil. (Foto: KVB)
Espen Aspenes, Bjarte Wiberg og Børge Lunde i 2007. (Foto: KVB)
1 av 8
Espen Aspenes, Bjarte Wiberg og Børge Lunde i 2007. (Foto: KVB)
Os Sentrumsforening, med sponsorar, kjøpte inn 2000 paraplyar. (Foto: KVB)
Ei dansegruppe frå Laksevåg deltok på lanseringa. (Foto: KVB)
I går byrja monteringa av glastaket. (Foto: KVB)
Samtidig er det montering av søyler og ramme på motsett side. (Foto: KVB)
Høgresida blir tørrskodd denne veka. (Foto: KVB)
Seinare kjem det glas rundt hjørnet på sentrumskvartalet. (Foto: KVB)
Også Havnechefen får baldakinar i same stil. (Foto: KVB)

Måndag 30. januar starta støypinga av søylesko til baldakinane som skal på plass langs gata Øyro i Os sentrum.

Når alt står ferdig kan du gå tørrskodd frå Telthusplassen til det gamle bankbygget (GH Interiør), med unntak av kryssing av Torggata eller Landboden.

I går starta legginga av glastaket på dei første baldakinane, mens det framleis er fleire søyler å montera.

– Det første strekket, langs Sælen og Bakketeig, blir ferdig i løpet av veka. Motsett side blir over påske, seier prosjektleiar Tor Inge Døsen frå Os kommune.

Før 17. mai skal det vera glastak også rundt det nye bygget, Osroso, og langs Libris. Drageset-bygget og forbi Catten kjem etter det igjen, mens Baronsgården skal byggast om til leilegheiter og får baldakiner seinare.

– Dette er ikkje serieproduserte varer, men skreddarsydd smedarbeid frå Johs Sælen. Her må alt vera på millimeteren for at glaset skal kunna monterast.

Lanserte «Tak over Os» i 2007

Taket langs bygningane på Øyro, i det som i Asplan Viak si analyse av sentrum blei kalla «bydraget», kjem 9,5 år etter at Os Sentrumsforening lanserte sitt eige Tak over Os-prosjekt.

Sentrumsforeninga kopierte ein idé frå Haugesund, etter sentrumsbesøk same år, og fekk Tide, Nordea, Os kommune, Drageset, Os Næringspark og Fagerthun med på å sponsa til saman 100.000 kroner for å kjøpa 2000 kvalitetsparaplyar til utlån.

I oktober 2007 var det lansering med paraplydans (etter Rihannas «Umbrella») av dansarar frå Laksevåg, musikk ved Os Rockeklubb-bandet Kranium og tale ved leiar for Os sentrumsforening, Bjarte Wiberg, og den gong fungerande ordførar Børge Lunde (H).

- Det er mange gode planar for Osøyro, og dette prosjektet kan vera starten på eit endå meir levande sentrum, sa Lunde.

Paraplyane var til utlån. Du kunne plukka med deg frå éin butikk og setja den frå deg i dekorerte stativ i ein annan butikk.

– Det var ikkje alle som sette dei frå seg igjen, så no er det tomt. Men vi hadde glede av dei i mange år, og det hender stadig at vi ser dei igjen hos handlande eller andre, som gjerne ikkje fekk med seg at desse var noko vi lånte vekk, og ikkje ei gåve, seier Tove Tvedt Skarstein frå S. Tvedt og Madam Ane.

Pluss og minus med nytt tak

Tove, som til sommaren legg ned to av tre butikkar, trur bedriftene og andre som bruker sentrum vil få stor glede av baldakinane som er under montering.

– Då sentrumskvartalet blei bygd var dette med takutstikk i fokus. Vi har sjølv hatt stor glede av baldakinane vi har frå før, både for kundane sin del og ved utplassering av varer på gata.

Ikkje alle butikkdrivarane, eller dei handlande, er heilt nøgd med det som kjem opp.

– Enkelte reagerer på kvitfargen, dei synest den blir litt skrikande. Det har òg gått litt fort i svingane, noko som resulterer i enkelte uheldige plasseringer av søyler.

– Men det er gjerne sånn at om det blir mange kokkar og mange som skal seia meininga si, så vil det gå for tregt. No var det nokon som våga å banka dette gjennom, og då får vi gleda oss over dei fordelane vi får av dette, meiner Tove.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.