Lokal | 16. apr. 2019

Får god lyd i korpsa

Geir Mildestveit måtte pensjonera seg før han fekk tid til å fiksa instrument på heiltid.

Får god lyd i korpsa
Geir Mildestveit har som pensjonert musikar endeleg tid til å fiksa instrument på heiltid. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 16. apr. 2019 12:43

Bildeserie:

Det manglar ikkje arbeid. Nokre av dei fleire hundre instrumenta Geir tek hand om kvart år. (Foto: KOG)
Det manglar ikkje arbeid. Nokre av dei fleire hundre instrumenta Geir tek hand om kvart år. (Foto: KOG)
«Operasjons-bordet» til Geir. (Foto: KOG)
«Operasjons-bordet» til Geir. (Foto: KOG)
Forbruksartiklar (Foto: KOG)
Forbruksartiklar (Foto: KOG)
-og delelager. (Foto: KOG)
-og delelager. (Foto: KOG)
Denne saksofonen er 91 år gammal - Geir skal få den til leta bra att. (Foto: KOG)
Denne saksofonen er 91 år gammal - Geir skal få den til leta bra att. (Foto: KOG)
Ekte handverk frå 1928. (Foto: KOG)
Ekte handverk frå 1928. (Foto: KOG)
– Snart må eg og denne saksofonen ha ein liten pause frå kvarandre, humrar Geir. (Foto: KOG)
– Snart må eg og denne saksofonen ha ein liten pause frå kvarandre, humrar Geir. (Foto: KOG)
Gammalt får nye slitedelar. (Foto: KOG)
Gammalt får nye slitedelar. (Foto: KOG)
1 av 8
Det manglar ikkje arbeid. Nokre av dei fleire hundre instrumenta Geir tek hand om kvart år. (Foto: KOG)
«Operasjons-bordet» til Geir. (Foto: KOG)
Forbruksartiklar (Foto: KOG)
-og delelager. (Foto: KOG)
Denne saksofonen er 91 år gammal - Geir skal få den til leta bra att. (Foto: KOG)
Ekte handverk frå 1928. (Foto: KOG)
– Snart må eg og denne saksofonen ha ein liten pause frå kvarandre, humrar Geir. (Foto: KOG)
Gammalt får nye slitedelar. (Foto: KOG)

I den gamle stasjonsbygningen ved Vognhallen finn du Geir Mildestveit og Treblåsreparatøren.

Med utsikt mot hamna nyttar Geir pensjonist-tida til å fiksa og vedlikehalda treblåsinstrument.

Profesjonell musikar med auge for detaljar

I 1983 fekk Geir fast jobb i det som den gangen var Divisjonsmusikken. Seinare skifta korpset namn til Sjøforsvarets musikkorps.

– Eg var nyutdanna klarinettist frå musikkkonservatoriet i Bergen og såg føre meg ei karriere som musikar på heiltid.

– Samstundes kom eg i kontakt med den smått legendariske Samuel Titlestad som tok vedlikehaldet på instrumenta mine. Eg er ikkje sikker på om han allereie hadde sett meg ut, men etterkvart kom spørsmålet opp om eg ville gå i lære hos han.

Kursing verda over

Geir takka ja til tilbodet frå Titlestad, og det vart kurs i USA, Holland, og ikkje minst i Frankrike, som på mange måtar er treblåsens høgborg.

– Då Titlestad dessverre vart sjuk, sat eg brått der, ikkje ferdig utlært, med heile ordreboka og kundekretsen til Titlestad i fanget.

– Det vart travelt med andre ord.

Planen om å vera musikar på heiltid vart endra til å ha to jobbar.

– Eg trudde eigentleg at korpset ville bli lagt ned med tida, men det vart jobb der fram til eg måtte pensjonera meg for to år sidan.

Endeleg tid til berre èin jobb

Då karriera i Forsvaret var over, fann Geir endeleg tid til å gjera Treblåsreparatøren på heiltid.

No er han godt etablert i Os sentrum, og det manglar ikkje på oppdrag;

– Det er nok å gjera, og perioden mellom desember og mars månad er alltid travel. Det er mange instrument som skal klargjerast før NM.

– Nett no er det roleg, men etter 17. mai tek det det seg alltid opp att. På nasjonaldagen er det sjølvsagt mange instrument ute i friluft, og då er det alltid den klassiske; «den datt i bakken».

Kundegruppa til Geir strekk seg over heile landet, og i tillegg til korps er det mange heiltids-musikarar som nyttar tenestene hans.

Ikkje alt kan fiksast

– Kva er det typiske oppdraget du får - er det instrument som ikkje kan reddast?

– Halvparten av oppdraga eg får er vedlikehald av instrument. Det er ikkje ofte eg ikkje klarar å redda eit instrument, men eg hugsar ein sopran-saksofon som hadde blitt rygga over av ein bil. Sjølv om eg likar å redda ting som er øydelagt, var akkurat den saksofonen for mykje, sjølv for ein praktisk anlagt mann som meg. Den kom inn som eit uløyseleg puslespel.

I desse dagar held Geir på med ein saksofon frå 1928. Med tolmodige hender skal Geir syta for at eigaren får ein «ny» 91-åring attende.

- Eigaren har ikkje hastverk med å den attende, og nett no kjenner eg at meg og saksofonen skal få litt fri frå kvarandre.

– Utfordringa med gamle instrument er «tuninga», altså å få stemminga rett. No legg eg den rett og slett på hylla ei veke.

Stafettpinnen klar?

– Du vart sjølv oppmoda til å læra deg faget - har du sjølv sett deg ut ein arvtakar?

– Eg er rett og slett ikkje klar for å gje meg heilt enno. Så lenge eg har lyst og helse til det, vil eg driva med dette.

– Eg har har gode dagar her i stasjonsbygningen - eg er min egen sjef, og styrer tida mi sjølv.

Mange instrument - ikkje alle er like gode

– Har du tal på kor mange instrument du har innom på eit år?

– Oi, ikkje heilt eksakt, men det er nok fleire hundre. Ofte sender eit korps inn ei heil instrument-rekke til vedlikehald.

Med åra har det blitt utfordrande med billege instrument som folk kjøper på internett;

– Problemet med billege instrument, gjerne produsert i lågkost-land, er at dei er prega av dårleg kvalitet.

– Eg kan gjerne få dei til å leta bra, men to veker seinare let dei dårleg att. Er prisen så låg at du nesten ikkje kan tru det, bør det vera ei åvaring.

Geir fortel at dette problemet er lite vanleg blant korpsa, men skjer ofte når når privatpersonar gjer det dei trur er eit kupp på nettet.

Lokal fagmann med hjarte for dei lokale korpsa

Geir inrømmer at dei lokale korpsa nyt godt av å ha ein fagmann i bygda;

– Dei er nok noko bortskjemd med å ha meg her, men samstundes tykkjer eg det er stas å kunna gje noko attende til det lokale kulturlivet, så eg er nok ikkje vanskeleg å be heller.

I kategorien treblås finn du fløyter, klarinettar og saksofonar - på kundelista til Geir finn du mellom anna Marius Neset og Ingrid Søfteland Neset.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.