Musikk | 18. aug. 2021

Får halda konsert i fjellhallen til Solstrand

– Vi er takksame, seier arrangøren.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. aug. 2021 10:46

Stiftinga Lyngheim byr på ny konsert, denne gong verken på Lyngheim eller i Vognhallen, som dei også har brukt som mellombels scene under pandemien.

– Vi føler oss heldige som har fått lov å bruka fjellhallen til Solstrand Hotel & Bad, seier Magne Brekke.

Dette blei ein arena etter at Solstrand kjøpte eigedomen tilbake. Den blei nemleg ekpropriert etter krigen så Televerket kunne bygga ein stasjon i fjellet.

I 2018 fortalte Børrea Schau Larsen om prosessen og tok Midtsiden med på omvising.

– Det er godt å ha ein slik arena, seier Børrea Schau-Larsen om bunkersen frå 1954, som ho kjøpte tilbake i 1996. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògDen «hemmelege» arenaen - Solstrand sin fjellhall

Tysdag 7. september er det konsert i hallen, som har benkeplass til 100, men berre tar imot 50 publikummarar denne omgang.

– Haustens første ikkje-fullt-så-intimt-som-vanleg intimkonsert handlar om Robert Burns på norsk, fortel Brekke.

Nordstoga med følgje.

På scenen står Åsmund Nordstoga (bror til Odd), Sarah Jane Summers og Ingebjørg Lognvik Reinholdt for å presentera dialektoversettingar av den skotske folkediktaren Robert Burns sine populære tekstar, på originalmelodiane frå den skotske songtradisjonen.

Med seg har dei Juhani Silvola på gitar og Morten Kvam på bass.

Bandet og fjellhallen gav god respons, søndag var allereie 37 av 50 billettar selte.

Konserten er støtta av Kulturrådet, Fond for utøvende kunstnere og Folkeakademiet Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.