Lokal | 28. des. 2017

Får ikkje lagra asfalt

Fylkesmannen seier nei til lagring av asfalt, båtar og røyr på Brandsneset.

Får ikkje lagra asfalt
Kommunen må fjerna asfalten og båtane som ligg på steindeponiet på Brandsneset krev Fylkesmannen (foto: kommunekart.com)
Andris Hamretorsdag 28. des. 2017 10:41

I plan- og bygningsutvalet sitt møte 7. desember fortalde kommunalsjef Aina Tjosås om at BKK held på med ein stor transformatorstasjon på Brandsneset. I den samanhengen kom ho òg inn på steintippen kommunen har der.

– Når det gjeld tippen så er den godkjent, men vi har ikkje fått godkjent asfaltdeponeringa. Dei har vore på synfaring frå fylkesmannen og vi ventar på svar på søknaden.

Må finna ein annan plass

Rett før jul kom svaret frå fylkesmannen.

– Fylkesmannen avslår søknaden frå Os kommune om løyve til etablering av mellomlager for returasfalt på Brandsneset i Os kommune. Avslaget er gitt i medhald av forureiningslova § 11.

– Vi ser at Os kommune har behov for eit mellomlager av returasfalt og er positiv til å gi Os kommune løyve etter forureiningslova til mellomlagring av returasfalt, men kommunen må finne ei anna lokalisering som er lagt til rette for dette føremålet, heiter det i vedtaket.

Kan ikkje forskuttera arealplanen

I si vurdering av saka peiker fylkesmannen på at kommunen ikkje kan forskuttera ei eventuell endring av planstatusen av området frå LNF til industri/bustad i samband med rulleringa av arealplanen.

– Fleire av uttalene har peikt på at det er eit LNF-område og at tiltaket det er søkt om ikkje er i samsvar med dette. Kommunen har ikkje søkt om dispensasjon til å etablere mellomlager og fresing av returasfalt. Kommunens planavdeling har i sin uttale konkludert med at tiltaket ikkje bryt med framtidige overordna planar for tomta og nærområdet.

– Vi kan ikkje gi løyve til etablering av eit avfallsanlegg sjølv om Os kommune har framtidige overordna planar om å gjere delar av området om til industri. Ein slik plan skal på høyring og det er ikkje mogleg å seie kva utfallet blir. Vi vurderer at Os kommune først må få saka avgjort etter plan- og bygningslova. Kommuneplanen sin arealdel er kommunen sitt øvste styringsverktøy for arealdisponering. Både plankartet og føresegnene er juridisk bindande for kommunen si arealdisponering. Det betyr at tiltak gjennomført utan samsvar med arealdelen i planen er ulovlege. Kommunen er planmynde for å følgje opp det som er bestemt i arealdelen.

Må rydda opp

Vidare støttar fylkesmannen naboane som i sine uttaler har vore uroa for auka støy og støv på området.

– I fleire av uttalene er det bekymring for at tiltaket kan føre til auka støy og støv på området Basert på erfaring med andre avfallsanlegg vurderer vi at aktivitetane kan føre med seg både støy, støv og skjemmande utsyn. Vi vurderer at det vil stride imot vilkåra i godkjenninga av utfyllingsområdet for stein som er klare på kva og korleis området skal brukast.

– I fleire av uttalene er det opplyst at området blir brukt til å lagre diverse, mellom anna båtvrak, røyrdelar og asfaltmassar. Fylkesmannen var på synfaring 4. september 2017 i samband med behandling av søknaden og vart då kjent med at Os kommune har lagra returasfalt på området utan løyve etter forureiningslova. Det vart også lagra 3-4 båtvrak og noko utstyr. Kommunen vart bedt om å fjerne alt avfall frå området, inkludert returasfalten til ev. løyve etter forureiningslova vart gitt. Vi legg til grunn at kommunen etter synfaringa fjerna massane på området, heiter det i avslaget frå Fylkesmannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.