Kultur | 11. apr. 2017

Får ikkje opna laurdag likevel

Den planlagte opninga av ny nattklubb, Empire, er utsett.

Får ikkje opna laurdag likevel
Nattklubben Empire skal opna i Telthuskvartalet, men rekk ikkje påskeaftan, som var målet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. apr. 2017 20:53

For ein månad sidan fortalde Catten Nighclub-eigar Bjarte Andersen at han har teikna leigekontrakt i Telthuskvartalet i Os sentrum.

Her skal han starta sin andre nattklubb i Os, Empire med fast aldersgrense 18 år.

• Les òg: Vil opna ny nattklubb i Os

Målet var opning påskeaftan, men sånn gjekk det ikkje.

Treng bruksendring

Andersen var nøgd med lokalet, men har etter overtaking gjort nokre justeringar og pussa litt opp.

– Vi har jobba hardt for å bli klare, og har både skjenkeløyve, klart lokale og leverandørar på plass, fortel han.

Men sjølv om det har vore drive nattklubb i lokalet av fleire ulike aktørar i ei årrekkje, har det aldri blitt gjeve løyve til bruksendring.

– Det held vi på med, men vi manglar nokre få ting. Vi har fått god hjelp av Os kommune, men rekk dessverre ikkje få papira i orden til laurdag.

Full fart på Catten

Mens han ventar på å driva to uteplassar på Os ser Bjarte no fram til påsken, som plar vera livleg på Os.

– I år blir det nok ekstra trøkk. Vi har allereie merka ei auke etter at Solsiden la ned, og når vi no ikkje får ha to plassar påskeaftan som kjem spesielt den kvelden til å bli folksam.

Programmet startar onsdag, med framskynda quiz (som er fast kvar torsdag elles i året), og trubadur torsdag, spelekveld fredag og standup og seinare livemusikk laurdag.

– Torsdag deler vi lounge og disko med 18 år på disko og aldersgrense 20 år i loungen. Også på quizen onsdag er det 18 år, elles har vi aldersgrense 20 år i påsken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.