Næringsliv | 19. aug. 2015

Får internasjonale kontaktar i Trondheim

Nyetablerte Aqua Circle har selt fôringssystem for over tre millionar i sommar. Denne veka stiller dei ut på Aqua Nor.

Får internasjonale kontaktar i Trondheim
Karl Ole Lyngbø på nyrigga stand på Aqua Nor. Messa opna i går og varer til og med fredag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. aug. 2015 09:37

I juni fortalte vi om oppfinninga til Jonny Møgster, Auto Feeder som serverer fôr til leppefisk og rognkjeks, med produksjon hos nyetablerte Vest Mekaniske AS og etablering av selskapet Aqua Circle AS.

Les òg: Lur løysing for leppefisk

I går opna den store oppdrettsmessa Aqua Nor i Trondheim, med Aqua Circle som ein av utstillarane.

– Ein god sommar

I skrivande stund står det rundt 40 Auto Feeder-system ute i drift. Tre av dei er på utlån for testing, resten er selt.

– Tysdag skal vi levera 50 til. Lerøy kjøpte 10 til testing og var veldig nøgd, så no bestilte dei 50 til, seier medeigar Karl Ole Lyngbø nøgd.

Med prislapp på knappe 35.000 kroner har selskapet allereie dei to første månadane omsett for rundt tre millionar kroner.

Karl Ole er no på veg heim frå messa for å gjera ordren klar for levering. I mellomtida står oppfinnar Møgster og nytilsette Tor Espen Skoglund igjen på stand i Trondheim.

Perfekt plassering og godt besøk

Nykomaren Aqua Circle har fått stand i telt utandørs.

– Det var heilt supert i dette fine vêret. Det er varmt i hallen, men luftig og fint ute.

– Vi har hatt godt med besøk både frå norske oppdrettsgigantar, som fiskehelsesjefen i Marine Harvest, og frå interessentar frå Færøyane, Island og Irland.

Selskapet har allereie hatt fleire sal og reknar med å både får fleire ordrar og mange interessante kontaktar på Aqua Nor denne veka.

– Målet er å selja 300 Auto Feeder innan utgangen av året. Utanom Auto Feeder har vi med eit nytt tilleggsprodukt, ein silekasse som sorterer død fisk, at vi får skilja leppefisk og rognkjeks frå laks.

Viste film med miljøpris-vinnar

I går blei også første framsyning av ein ny illustrasjonsfilm Aqua Circle har fått utforma.

– Filmen er laga i samarbeid med Norsk Oppdrettsservice.

Rognskjektsoppdrettarane Norsk Oppdrettsservice blei i går tildelt Fiskeridirektoratets Miljøpris for 2015 (les meir på kyst.no).

Fleire firma frå Os, som Nor-Mær, Unik Filtersystem og Inka, stiller ut eller gjestar møteplassen Aqua Nor i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.