Lokal | 13. des. 2012

Får kjøra på isen

Os kommune opnar for motocross på Ulvenvatnet.

Får kjøra på isen
Ved Sigurdsvikjo på Ulvenvatnet kan Os MC og MX klubb få køyra på isen om den bli tjukk nok (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 13. des. 2012 20:11

OS MC og MX klubb/Kjør for Livet fekk torsdag løyve til å bruka isen på Ulvenvatnet ved Sigurdsvika til organisert kjøring med lette motorsyklar:

Plan- og bygningsutvalet fekk torsdag ein søkand på bordet frå Os MC og MX klubb og Kjør for Livet. Motocross-utøvarane søkte om å få lov til å bruka ein mindre norde del av Ulvenvatnet ved Sigurdsvikjo til iskjøring.

Søknaden blei mottat onsdag. Sjølv om tida var knapp var kommunalsjef Karl Ole Midtbø godt førebudd. Han hadde vore i kontakt med både fylkesmann og styre og stell innan landbruk, for å få deira syn på saka før han presenterte ei positiv innstilling for utvalet.

– Dette kjem brått på, men det kom vel brått på at det kom is på vatnet òg, kommenterte Gustav Bahus (Frp), som var positiv til søknaden.

Positiv, men...

Ein som òg var positiv til arbeidet klubben gjer var Terje Sperrevik (TvS), men han likte ikkje å få saka presentert på den måten ho blei.

– Eg synast dette er for hastig og eg er ikkje nøgd med prosessen, derfor går eg imot at dei får løyve denne gongen.

– Det må gå an å koma med ein søkand tidlegare på hausten som tar høgde for iskjøring om forholda blir gode, meinte Sperrevik.

Han fekk langt på veg støtte frå Harald Døsen (Ap), som meinte han ikkje kunne uttala seg på vegen av partiet, men berre på vegne av seg sjølv, i og med at dei ikkje hadde fått diskutert saka på gruppemøte på førehand.

– Personleg kan eg ikkje støtta ein slik ting. Vi går imot kjøring med vassjet og dette er ikkje så veldig ulikt, meinte Døsen.

Fekk lov under strenge krav

Med seks (H/FrP/V) mot tre (Ap/TvS) stemmer fekk MC og MX klubben/Kjør for livet lov til å kjøra på Ulvenvatne, om isen er tjukk nok, i perioden 13. desember 2012 til 30. mars 2013.

Løyvet blei gjeve på følgjande vilkår:

  • Området som skal brukast skal tydeleg merkast, og storleiken på området skal godkjennast av kommunen v/brannsjef.
  • Os MC & MX klubb har saman med Kjør for Livet det fulle og heile ansvaret for tryggleiken kring aktiviteten, i tråd med det søkjar sjølv held fram i søknaden.
  • Klubbane står også ansvarleg for at løyvet ikkje blir misbrukt.
  • Søkjar må sørgja for at naudsynte risikoanalyser er tatt og at beredskapsplan er utarbeidd før trening eller arrangement kan gjennomførast. Planen skal leggast fram for brannsjef før aktiviteten startar. Naudsynt informasjon/kontakt med Os brann- og redningsvesen og lokalt politi må ivaretakast.
  • Aktivitet må ikkje leggast opp slik at denne blir til vesentleg sjenanse for omgjevnadane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.