Kultur | 07. nov. 2020

Får KUP-midlar av fylket

Vestland fylkeskommune kom denne veka med liste over mottakarar.

Får KUP-midlar av fylket
Oselvarverkstaden er einaste fylkeskommunale KUP-mottakar i Bjørnafjorden kommune i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. nov. 2020 09:46

Vestland fylkeskommunehar denne veka hatt årets tildeling av støtte frå Kulturelt utviklingsprogram (KUP).

Blant dei 25 prosjekta som får støtte i år er Oselvarverkstaden, som får 100.000 kroner til utvikling av verkstaden.

Oselvarverkstaden er einaste mottakar frå Bjørnafjorden kommune - og einaste søkjar, då fylkeskommunen òg listar opp søkjarar som ikkje har blitt innvilgde.

I alt løyver Hovudutval for kultur, idrett og integrering 7,2 millionar kroner frå Kulturelt utviklingsprogram.

– KUP er eitt av dei viktigaste utviklingsverktøya fylkeskommunen har for kunst- og kulturlivet. Utviklingsprogrammet er unikt fordi det har eit reindyrka kulturpolitisk fundament og støttar aktørar i kulturlivet på deira eigne premiss, seier Stian Davies, som er leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.

I dei ti åra KUP har eksistert har Hordaland, og no Vestland, delt ut over 60 millionar kroner til kunst- og kulturutvikling.

Færre søkjarar

KUP er eit verkemiddel for større satsingar i kulturlivet i Vestland, og skal støtte nyskapande og målretta prosjekt initierte av kulturlivet. KUP er eit supplement til Vestland fylkeskommune sin øvrige innsats på kulturområdet, og til annan offentleg eller privat økonomisk medverknad.

KUP vart etablert i Hordaland fylkeskommune i 2010 og hadde fram til 2019 mellom 50 og 90 søknadar årleg.

Tal på søknadar i år er noko lågare samanlikna med åra i Hordaland. I tillegg er tal på søknadar frå Sogn og Fjordane låg.

Fylkesdirektøren vurderer den pågåande koronapandemien til å vere hovudårsaken til at tal på søknadar er mykje lågare enn forventa. Vidare er det mogleg at informasjon om ordninga ikkje har nådd godt nok ut til innbyggjarane i heile fylket. Det vil difor vurderast korleis vi kan marknadsføre ordninga betre i 2021.

– Vi har motteke relativt få søknadar som er knytt til koronapandemien. Dei fleste av desse er med blant dei som er tilrådd støtte, uttaler fylkeskommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.