Lokal | 12. juni 2012

Får nye postnummer

Husstandane og bedriftene rundt Os sentrum får nye postnummer frå 1. oktober.

Får nye postnummer
Fleire av husa på bilete får nytt postnummer frå 1. oktober (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretysdag 12. juni 2012 10:55

Den siste veka har husstandar i og rundt Os sentrum motteke ein folder frå Posten som fortel at dei kan vera ein av 101 000 husstandar rundt om i Noreg som får nytt postnummer frå 1. oktober.

Det som tidlegare har vore 5200 Os blir no splitta i 5200, 5208, 5209, 5210 og 5211. Framleis med stadnamnet Os.

- Det er vekst i folketalet som gjer det ønskjeleg å innføra fleire postnummer.

- Dette vil gje postdistribusjonen betre, enklare og meir effektiv, fortel posten i informasjonsfolderen.

Må melda adresseendring

Sjølv om du no får nytt postnummer treng du ikkje sjølv melde frå til offentlege organ og verksemder, men skal du framleis motta medlemsblad og anna informasjon frå lag og organisasjonar du er med i må du gje dei melding.

- Folkeregisteret, Brøynnøysundregistrene, Posten, Skatteetaten, Toll- og avgiftsdirektoratet, banker, forsikringsselskap og mange andre mottar endringane automatisk.

- Den einskilde må sjølv informere sine øvrige kontaktar, anten det er arbeidsgjevar, aviser, magasin, idrettslag eller andre personlege kontaktar.

Dette er dei nye postnummera

Nedanfor finn du dei nye postnummera og kva vegar som høyrer til kvart postnummer.

5200 OS, hentestad: Os postkontor
Vegane Austre Lurane, Bjørkeflaten, Brugata, Byvegen 77-85, 2-78, Eikevegen, Finnebrekka, Finnebrotet, Gamle Finnebrekka, Giljavegen, Giskavollen, Granlia, Gymnasvegen, Hamnevegen, Haugsneset, Holt, Holtbrekka, Jordmorsvingen, Kleivane, Klokkargarden, Kolabakkane, Kuvenbakken, Laksavegen, Landboden, Lyngvegen, Midtskogvegen, Mobergsbakken 1-61, 2-60, Orrebakken, Oshaugen, Osstølen, Postvegen, Smiebakken, Solstrandvegen, St. Hanshaugen, St. Hanshaugvegen, Stegen, Steinneset, Stemmevegen, Stølane, Stølsvegen, Sveo, Torggata, Troppabakken, Utgjerdet, Vestre Lurane, Øyro, Øyrsmoget.

5208 OS, hentestad: Os postkontor
Auredalen, Baggavegen, Bjørnavegen, Ferstadvollen, Halhjemsmarka, Halhjemsvegen 219-257, 248-260, Håvarsvegen, Ingjelsbrekko, Jonavegen, Kjeldevegen, Klasavegen, Knutavegen, Kvernhusrenen, Larsavegen, Mardalsrenen, Marivegen, Monsavegen, Reio, Reset, Velumsbrekkene.

5209 OS, hentestad: Os postkontor
Bjørkhovda, Brothaugen, Ferstadvegen, Gamle Kuhnlevegen, Greidalsvegen, Halhjemsvegen 96-102 (kun like nr), Kuhnlevegen, Kuvågvegen, Lekvenmarka, Lekvenvegen, Lepsøyvegen 1-17, 2-20, Lyhaugen, Mobergsbakken 87-111 (kun ulike nr), Mobergslia, Nedre Lekven, Nilsavegen, Olavegen, Solbakken, Sollia, Storhaugen, Torkjelsvegen, Vågadalen, Vågshaugen.

5210 OS, hentestad: Meny Industrivegen
Banktjørnhaugen, Byvegen 151-487, 270-442, Furulunden, Gudridflaten, Gudridhaugen, Hjortestigen, Høgehaugen, Idrettsvegen, Industrivegen, Kolskogheiane, Kuventræ, Kuventrævegen, Lyseklostervegen 60, Myrvollen, Nedre Varåsen, Nygårdsvegen, Prestegardskogen, Svegane, Tøsdalsvegen, Ulvenvegen 1.55, 2-150, Varlio, Varåsgrenda, Øvre Varåsen.

5211 OS, hentestad: Os postkontor
Berge, Bjånesvegen, Bogstrandvegen, Borgavegen, Bøvegen, Eidsvegen, Hatvikvegen, Haugsbrotet, Hegglandsdalsvegen, Heien, Hesthaugen, Hjellevegen, Holen, Liavegen, Lyssand, Midtbøvegen, Midtsætervegen, Nordmarka, Sjoarvegen, Steglet, Øvredalsvegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.