Svein Erik og dottera Sina graderte seg til brunt og gult belte. Sonen Ole samla saman restane etter knusinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Far og dotter med nytt belte

130 deltakarar, frå 4 til 75 år gamle (!) deltok på graderingshelg i Os Idrettspark.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os Karateklubb, som i førre veke jubla over budsjettforslag som sikrar ny dojo i nye Os Idrettspark, fylte i helga dobbelhallen med 130 utøvarar.

– Mange av deltakarane er frå vår eigen klubb. Vi har hatt veldig god rekruttering etter at vi byrja å trena i den nye dobbelhallen, og fekk rundt 50 nybyrjarar i haust, fortel hovudinstruktør Cato Bruarøy.

– Men vi har òg tilreisande frå seks andre klubbar i organisasjonen vår, blant anna Askøy, Bergen og Voss.

WIKF Norge har fleire faste samlingar i året med trening og gradering. Før påske på Voss, før jul i Os, mens sommarsamlinga har vore ulike plassar, frå Os til Oslo. Sånn har det vore sidan 80-talet.

Nest eldst: Jan Erik Aase (70)

Då Midtsiden var innom laurdag, var det 120 deltakarar og gradering opptil siste av tre gradar brunt. Søndag skulle fleire av dei yngre opp til stripe i beltet, blant anna dei som trener foreldre-og-barn-karate i «avdelinga» i Øyane.

– Her er dei yngste berre 4 år gamle, fortel Bruarøy.

Ein av dei som starta karriera si på foreldre-og-barn-karate, der klubben tar inn medlemmar så unge at foreldra må delta i treninga, er bestefaren Jan Erik Aase.

– Svigersonen min, Eirik Vevatne, har prøvd å lokka meg med sidan eg var i 40-åra. Eg dreiv med roing i ungdomen, som vaksen gjekk eg og trente litt styrke på Cha-Zet. Men først då Eirik og dottera mi Lisbeth tok ungane sine på karate, kasta eg meg med.

Dette er ti år sidan, og Jan Erik er i dag ein av medlemmane med best oppmøte. På samlinga var han eldstemann etter den erfarne senseien Eyvind Bagge (75) frå Askøy.

– Barnebarna trener framleis, men han eldste satsar meir på roing no. Eg har halda fram for min eigen del, treninga gir god fleksibilitet og balanse, og det er dessutan eit veldig triveleg miljø.

Jan Erik har lilla belte, men hadde det ikkje travelt med å ta steget opp til brunt.

– Neste gradering vil eg ta seinare, kanskje til sommaren. For min del blir det ei god treninshelg der vi òg får helsa på deltakarar frå «søster-klubbane» våre.

Dotter og comeback-pappa med nye belte

Blant dei som graderte seg til nye belte laurdag var Sina og Svein Erik Henne. Svein Erik byrja å trena karate midt på 80-talet, og kom eit godt stykke opp i gradane før han la opp. I fjor, etter 25 år pause, tok han på seg drakta igjen.

No har han òg lokka dottera med seg, laurdag gjekk ho opp til gult mens pappa tok tredje grad brunt, steget før svart belte.

– Det var mykje kjekkare enn eg trudde, seier Sina.

Då namnet hennar kom blant dei som blei lese opp som bestått, og ho hadde vore framme og henta diplom, var det fullt firsprang for å slenga seg rundt halsen på pappa.

Sjølv skulle han til å knusa ein planke før han fekk svar på om han hadde bestått.

– Knoken blei litt skadd i førre gradering, som var i sommar, så i dag får eg knusa med eit spark. Det varierer litt kor tjukk og seig materialane er.

Knusinga til Svein Erik og treningskamerat Sondre Kvamsdal ser du i snuttane under:

 

Fleire saker