Far og son på trygg is

Leon (6) debuterte på skøyter på Gåsakilen i dag. Han var ikkje åleine på det einaste trygge vatnet i Os.

Leon (6) og pappa Thomas leika seg på trygg is på Gåsakilen på Søfteland i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. feb. 2018 14:32

Bildeserie:

Nordenden av vatnet har ikkje trygg is. (Foto: KVB)
Gåsakilen er vinterens første vatn som har blitt skilta med trygg is. (Foto: KVB)
Gåsakilen ligg i Hjellemarka og har parkeringsplass nede ved vatnet. (Foto: KVB)
Malene (10) og mamma Linda Merete Trengereid. (Foto: KVB)
Thomas tok med seg både kølle og puck. (Foto: KVB)
Charlotte saman med Noah (4) og Milla (7). (Foto: KVB)
Malene fekk god fart på skøytene. (Foto: KVB)
Nordenden av vatnet har ikkje trygg is. (Foto: KVB)
Gåsakilen er vinterens første vatn som har blitt skilta med trygg is. (Foto: KVB)
1 av 7

Med minst 10 minusgradar og vind er det ei bitande kulde i Os i dag, men det første vatnet Os brannvesen har målt som farbart ligg lunt til ved bustadområdet Hjellemarka på Søfteland.

• Les òg: Fleire vatn har utrygg is

Allereie på formiddagen onsdag var det sju unge og vaksne i fri leik på eit brøytt område av Gåsakilen.

– Eg bur på Søfteland, men det er mange år sidan eg har gått på skøyter, og då var det på Vinddalsvatnet. Her har eg aldri vore før, seier Thomas Valle.

Han hadde med seg sonen Leon (6), som dermed fekk sin debut på skøyter denne vinterferien.

Med og utan skøyter

Mens Thomas hadde med seg både hockeykølle og puck, stilte andre foreldre utan skøyter.

– Vi bur i området og ville ned og testa isen, det er tydelegvis kjekt å leika her med sko òg. Men vi skal sjå om vi får tak i skøyter i ettermiddag, seier Charlotte Lysvold.

Ho og borna Noah (4) og Milla (7) hadde med seg akebrett og spade.

Ei som verkeleg hadde fått fart på skøytene var Malene (10). Ho var på isen med mamma Linde Merete Trengereid, som blei vitne til høg fart, brå svingar og eitt og anna fall.

– Ikkje heile vatnet er trygt

Då Os brannvesen i går målte isen på Gåsakilen oppdaga dei forskjell fleire stadar.

– I nordenden er isen utrygg, det same gjeld langs land der det er bratt terreng ned mot vatnet, seier Gitle Smaadal frå Os brannvesen.

Grensene til dei utrygge områda er markerte med buskar.

• Les òg: Isvettreglane

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.