Far og son starta populær løpskarusell

– Eit lågterskeltilbod for løparar på alle nivå, seier Erik Vågen.

Erik og pappa Asbjørn Vågen starta løpskarusell i mars. I går blei det ny rekord i mengda deltakarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. okt. 2020 08:35

Bildeserie:

Over Ulvensletta, rundt Røde Kors og tilbake, i alt 5 km. (Foto: KVB)
Samling på Spar. (Foto: KVB)
I starten var det nesten berre menn, no er det tett med hestehalar. (Foto: KVB)
Men gutta er framleis godt representerte. (Foto: KVB)
Over Ulvensletta, rundt Røde Kors og tilbake, i alt 5 km. (Foto: KVB)
Samling på Spar. (Foto: KVB)
1 av 4
Samling på Spar. (Foto: KVB)
I starten var det nesten berre menn, no er det tett med hestehalar. (Foto: KVB)
Men gutta er framleis godt representerte. (Foto: KVB)
Over Ulvensletta, rundt Røde Kors og tilbake, i alt 5 km. (Foto: KVB)

Onsdag kveld la rundt 40 løparar på sprang over Ulvensletta. Det har fleire av dei gjort sidan i vår.

– Vi starta då Gneist ikkje gjennomførte siste runde av vinterkarusellen sin, som skulle gått av stabelen 30. mars, fortel Erik Vågen og faren Asbjørn.

– Dei første gongane var det berre oss to og nokre venar i Øyane, men no har det vakse til 20, 30 og oppunder 40, som vi er i kveld.

«Karusell Os Edition» blir arrangert rundt kvar tredje veke. Løpet går frå Ådnadalen til Røde Kors-huset i Kolskogheiane og tilbake, ein distanse på 5 kilometer.

Tilbodet er gratis og utan premie, konkurransefaktoren er låg. Likevel er det stadig fleire som held av nettopp denne kvelden til løping.

Blei slengt inn i Oslo halvmaraton

Erik sjølv er fersk somløpar.

– Ein kamerat, Tord Skaathun, meldte meg på Oslo halvmarathon i fjor. Eg fekk fire veker å trena på, seier Erik og ler.

Han har bakgrunn frå handball, men har aldri jogga før, utanom viss handballtrenaren eller gymlæraren ba han om det.

– Eg gjennomførte på gjennomførte på 2 timar og 19 minutt. I år blei det avlyst, så eg løpte distansen heime i Os på 1:51. Det hjelper å ha noko å strekka seg etter!

Oppvarming før start i Ådnadalen. (Foto: KVB)

God framgang

I «Karusell Os Edition» siktar deltakarane seg inn på ei cirkatid. Dei som vil bruka lang tid startar, dei raskaste løper til slutt, og får noko å jaga etter. Tidene får dei registrert på Strava, der løparane kan følgja kvarandre.

– Sjølv opplever eg at det å ha eit karusell-løp å sjå fram til gir motivasjon til å trena mellom løpa. I Os-karusellen har eg betra tida mi frå 27:05 til 21:06, som eg hadde i dag.

Raskaste herre var Joar Søvik på 17:55, som òg har løyperekorden på 17:38.

Raskaste kvinne var Kjersti Tyse Lyssand med 19:42, som er ny løyperekord for damer.

Samlar små og store løpegjengar

– I starten var vi nesten berre menn, i kveld var vi nesten fleire kvinner enn menn. Det er kjekt! synest Vågen.

Eldste deltakar i denne runden var handbaklegenda Arne Thuen (66).

Erik saman med gårsdagens eldste, handbakmeisteren Arne Thuen (66). (Foto: KVB)

– Eg har inntrykk av at det, i tillegg til Opptur og gjengen på Sprek og Blid, er mange små løpegjengar i Osbygda. Det er kjekt at både desse og individuelle løparar liker å samlast til noko litt større av og til.

– Ulvensletta er slett og fin, mange set ny personleg rekord på 5000 meter på desse karusellane.

Kan utviklast vidare

Vågen fortel at det kjem tre løp til i Karusell Os Edition før jul, det neste er 21. oktober, også det ein onsdag. Mens Midtsiden snakka med Erik etter løpet onsdag auka mengda påmeldte frå 11 til 14 til neste løp. Taket blir sett til 50 deltakarar.

– Planen er å halda fram gjennom vinteren og utover gjennom heile 2021.

– Skal det vera gratis og utan premiar også i framtida?

– Sjølv har eg ikkje andre ambisjonar enn at det blir gjennomført, sånn at eg får delta. Om andre vil involvera seg, om eit idrettslag vil samarbeida eller om nokon vil starta nye løyper eller legga til fleire segment, så er eg open for det.

– Men det hadde vore kjekt å ha nokre tskjorter til løpet, og nokre premiar, så det kan henda at vi prøver å profesjonalisera dette til neste år.

Fleire bilde under - desse er synlege for pålogga abonnentar:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.