Lokal | 07. juli 2012

Får pålegg om å stenga

No får Irish Cat tre veker på seg til "opphør av ulovleg bruk" av Brugata 1. Lokalet kan berre brukast til lukka arrangement.

Får pålegg om å stenga
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 07. juli 2012 07:34

Som følgje av at fristen for byggegodkjenning innan 30. mai ikkje blei halden fekk ikkje Irish Cat fornya nattklubbløyvet sitt frå 1. juli.

Sjølv om lokalet ikkje er godkjent fekk dei driva vidare som pub, men nabo Oshjørnet AS gjekk same veke til sak mot Sweco, som er ansvarleg søkjar for byggherre Anders Fagerthun, grunna ulovleg bruk av lokalet.

No har kommunen også kome med pålegg om stenging av nattklubb, i brev til Irish Cat AS datert 5. juli, "førehandsvarsel om pålegg om opphør av ulovleg bruk".

"Bygget er godkjent for café/restaurant og pub og kan brukast samla ved lukka arrangement", skriv byggesaksavdelinga i brevet.

Og følgjer opp med:

"... bygningsmyndigheten med heimel i plan og bygningslova paragraf 32-3 kan fatta vedtak om opphør av ulovleg bruk dersom bruken ikkje tar slutt innan fristen nedanfor. All vidare bruk av eigedomen til nattklubb må opphøre snarast."

Fristen er sett til tre veker frå 5. juli.

Drivar må senda skriftleg dokumentasjon på at bruken er avslutta innan fristen. Irish Cat har rett til å uttala seg i saka, innan frist, før vedtak om stopp i bruk blir fatta.

Om den ulovlege bruken ikkje tar slutt kan Irish Cat bli ilagt mulkt på rundt 30.000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.