Lokal | 27. sep. 2012

Får pris for nybrotsarbeid

Osingen Bjarte Wiberg og Kalandseid IL får Grasrotprisen 2012 for nyskapande folkehelsearbeid i samarbeid med SFO og helsesøster.

Får pris for nybrotsarbeid
Bjarte Wiberg, sportsleg koordinator i Kalandseid idrettslag er stolt over at laget no får Grasrotprisen 2012 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 27. sep. 2012 12:36

Det er nær så ein får lyst til å seia "sjå til Kalandseid" til idrettslag og kommune når ein høyrer Bjarte Wiberg fortel om korleis idrettslaget har tatt ansvar og grep i høve til barn og unge si helse i samarbeid med skulen, barnehagen og helsesøster.

- Det er visjonære folk i styret i klubben. Dei har våga å satsa både i høve til kva rolle klubben skal ha i lokalsamfunnet og ikkje minst økonomisk, fortel Bjarte Wiberg, sportsleg koordinator i Kalandseid idrettslag.

Wiberg kom til idrettslaget sommaren 2009 etter å ha vore dagleg leiar i Os Turn Fotball AS og, før det, leiar i sentrumsforeninga i Os gjennom mange år.

Blir lagt merke til

No har klubben sitt fleirårige arbeid blitt krona med Grasrotprisen 2012. Prisen blir delt ut av Noregs Idrettsforbund og Norsk Tipping i samband med idrettsgallaen på Hamar i januar og er på 50 000 kroner.

- Det set vi sjølvsagt utruleg stor pris på, smilar Wiberg som fortel at det ikkje er første gong arbeidet klubben gjer har blitt lagt merke til. Både Laurdagsmagasinet på TV2 og Helsekomiteen på Stortinget har tidlegare vore på besøk sør for Vallaheiene for å sjå på å læra av klubben sitt arbeid.

Vinn/Vinn/Vinn

Prosjektet dei prominente gjestane har villa læra meir om blir kalla "Bredt og Godt" kor poenget har vore å få til eit samarbeid mellom idrettslaget, skulen, barnehagen og helsesøster for å skapa eit tilbod til ungar i alderen 5 til 9 år, også dei som ikkje er medlemmar i idrettslaget eller går på SFO.

- Det er eit vinn-vinn-vinn-prosjekt.

- For idrettslaget gjer det at vi klarte å få til ein idrettsskule. For skulen fekk dei idrett og friluftsaktivitet inn i SFO, og for helsesøster gav prosjektet ei moglegheit til å integrera framandkulturelle born og born med handicap i fysisk aktivitet.

- Du kan godt seia at styret i klubben var godt frampå og såg kva som ville koma i samhandlingsreforma og av krav til kommunane i høve folkehelsearbeid.

- For meg var det ein draumesituasjon å få ta tak i dette då eg blei tilsett og fekk utfordringa om å få idrettskulen på fote igjen, og å rekruttera fleire trenarar til idrettslaget, fortel Wiberg, medan han snakkar seg varm.

150 av 200 med

Om lag 150 av dei 200 ungane i målgruppa deltar på "Bredt og Godt".

- For å aktivisera så mange ungar tre dagar i veka trengs det mange aktivitetsleiarar.

- Vi er veldig opptekne at desse skal vera kvalifiserte og driva aktiviteten på eit fagleg grunnlag. Difor tilsette klubben Randi Marie Berntsen som prosjektleiar og koordinator då prosjektet starta opp, fortel Wiberg.

Rekrutterar leiarar frå ungdomsskulen

Berntsen har vore viktig i dialogen med skulen og barnehagen, men òg i å sy saman opplegget for å utdanna aktivitetsleiarar.

- Elevar ved ungdomsskulen på Slåtthaug kan søkje aktivitetsleiarkurs som eit av faga i UDV.

- Dei som får det kjem opp her og blir kvalifiserte gjennom eit 16 timars kurs som idrettskretsen held. Deretter har dei praksis hos oss i det talet på timar som tilsvarar timeantalet dei skal ha på skulen.

- Den positive ringverknaden for oss er at vi utdannar gode, unge aktivitetsleiarar som ofte kjem tilbake og spør om å få vera med vidare også etter at dei er ferdige med praksisperioden, forklarar Wiberg.

Alt ligg til rette i Os

Som osing og med bakgrunn frå eit av idrettslaga i Os er Wiberg klar på at prosjektet, eller ein variant av det, bør passa som hand i hanske også for Os.

- Sjå berre på Kuventræ, Nore Neset, Søre Neset eller Lysefjorden.

- Der har de akkurat dei same vilkåra som her på Kalandseid, med idrettslag, skule og barnehage vegg i vegg. Om det er nokon som har lyst til å høyra meir om korleis vi har gjort det er det berre å ta kontakt.

- Kva med økonomien oppe i det heile?

- Det er klart vi er heldige som har veldig god eigenkapital i idrettslaget og dermed kan forskottera ein del kostnadar.

- Men heile prosjektet er finansiert gjennom midlar frå stat, fylke og kommune. Midlar vi har søkt oss fram til, og som er tilgjengeleg også for andre.

- Eg reknar med at det kostar mellom 150 000 - 200 000 kroner i året å driva "Bredt og Godt" i høve til utstyr, utdanning og godtgjersle til aktivitetsleiarane, avsluttar Wiberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.