Sport | 01. juni 2018

Får rikeleg med ros etter første skåring for Sandviken

Madelen K. Holme med tunell på keeper i 6-0-siger over Åsane.

Får rikeleg med ros etter første skåring for Sandviken
Madelen, her i debuten for Sandviken hausten 2017. (Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. juni 2018 13:47

Måndag blei ho tatt ut til nye landskampar, denne gong nordisk meisterskap med J16-landslaget, onsdag skåra ho sitt første mål for Toppserie-klubben Sandviken sitt A-lag.

Skåringa var i NM-kamp mot 1. divisjonslaget Åsane.

Madelen kom innpå i 52. minutt. 11 minutt seinare fekk ho ballen rett utanfor 16-meteren, dribla seg forbi eit par spelarar og sette inn 3-0 mellom beina på Åsane-keeperen.

Kampen, som var andre runde i NM, enda med 6-0-siger.

– Ho er ein av dei mest spennande unge spelarane i norsk kvinnefotball, seier Alexander Straus til Bergensavisen.

Straus overtok trenarjobben etter Øyvind Nordtveit. Frå før har Madelen berre hatt eit par innhopp på A-laget til Sandviken, som i skrivande stund ligg på 2. plass i Toppserien.

• Hordalandsfotball.no var på plass. På Facebook er videointervju med Madelen etter kampen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.