midtsiden

Får skjenka til 03:00

Tysdag fekk Irish Cat skjenkeløyve på plass. No siktar dei på opning før jul.

Av: Andris Hamre

Os formannskap handsama tysdag søknaden frå Irish Cat om skjenkeløyve til den nye utestaden. Etter høyring hos politiet, NAV og andre relevante instansar hadde administrasjonen fremja forslag om skjenkeløyve fra 12.00 til 02.00 alle dagar. Noko som er ein time kortare enn det Opus og Bar2Be har på fredagar og laurdagar.

- På vegne av Frp og Høgre vil eg fremja eit alternativt forslag der dei får skjenkeløyve til 03.00 på fredagar, laurdager og dagar før helligdagar, sa Terje Søviknes i formannskapet.

Han begrunna forslaget med at alle utestadane i sentrum skal handsamast likt. I tillegg hadde posisjonen oppfatta søknaden som at Irish Cat rettar seg mot eit eldre publikum enn dei andre stadane og at det difor blei for dumt om dei eldste måtte gå heim først.

Ville ikkje ha sprit
I søknaden hadde Irish Cat søkt om løyve til å selge alle dei tre alkoholgruppene, altså øl, vin og brennevin.

- Med bakgrunn i mellom anna dei innspela som har komme frå naboar vil eg foreslå at dei får skjenke til 24:00 på kvardagar og til 02:00 fredag og laurdag, men at dei berre får løyve for øl og vin, forslo Jostein Bondevik frå KrF.

Han fekk delvis støtte frå Torunn Øvredal (TvS) som syntes dei kunne få servera sprit òg. I tillegg tykte ho at dei kunne få servera til 03:00 i helgene, men berre til 24:00 på kvardagar.

Dei tre forslaga blei stilt opp mot kvarandre. Frp og Høgre sitt forslag blei vedteke med 6 røyster. Dei to andre fekk berre forslagsstillar si røyst.

Godt nøgd
Med skjenkeløyva på plass kan eigarane bak Irish Cat gå laus på den siste innspurten for å få lokalet klart for opning.

- Ser veldig bra ut at skjenkeløyva no er på plass, seier Espen Risti.

- No tek vi sikte på å opne fredag 10. eller fredag 17. desember, seier Risti som gler seg til å invitere osingane til den nye utestaden.

Fleire saker