Kultur | 21. mars 2018

Får spela med gitar-helten

Frode Alnæs valde Hans Marius Johnsen då ha skulle ha med seg ein lokal gitarist på scenen.

Får spela med gitar-helten
Frode Alnæs valde seg Hans Marius Johnsen som gjestegitarist når han kjem til Oseana 6. april (foto:pressefoto/Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 21. mars 2018 14:40

I januar gjekk Frode Alnæs ut og etterlyste ein lokal gitarist som han kan ta med seg når han entrar Oseana-scenen 6. april.

– Når vi no skal reise landet rundt med «Min dans med strenger», så ønskjer eg å treffa lokale gitaristar. På kvar stad vi speler inviterer vi difor med oss ein lokal gjestegitarist, ung eller gamal, opp på scenen for å spele ei låt med oss. Det skal bli utruleg artig, sa Alnæs då.

Er stor fan

Like artig synes Hans Marius Johnsen det skal bli.

– Eg er fan av Frode Alnæs frå før av, så det er litt stort. Det er ei æra og veldig kult, seier den til vanlege svært så taleføre gitaristen forsiktig.

– Ein ting er å få spela med han, men eg gler meg minst like mykje til berre å få møta han og snakka med han.

– Når fekk du vite at du var plukka ut?

– Det er ei lita stund sidan. Eg var på ein spelejobb i Brummundal då telefonen kom.

– Veit du kva de skal spela?

– Nei, ikkje enno. Eg har fått beskjed om at Frode skulle ta kontakt direkte, men han er jo fullt opptatt med turneen, så eg reknar ikkje med at det blir klart før det nærmar seg.

– Han er ei rockestjerne

Når vi ber Johnsen fortelja kvifor han er fan av Alnæs er snakketøyet på plass igjen.

– For det første så har han ei høg stjerne i artist og gitaristmiljøet i Noreg. Han kan spele alt mogleg uansett sjanger og nyt difor stor respekt i alle miljø, anten det er innan jazz, blues, rock eller rein pop.

– Han har moglegheiten til å ta heilt av, men lagar i staden god musikk i staden for gitarbråk. Poplåtene har har laga med Dance With a Stranger er rett og slett knallgode. Han er dyktig nok til få oss andre gitaristar til å gapa, men samstundes held han det nedpå.

– I tillegg er han jo ein av få gitaristar som lever fulltid av å vera gitarist. Han er rett og slett ei rockestjerne.

Skreiv søknad

Johnsen innrømmar at han sendte inn søknad om å få spele med Alnæs.

– Sjølvsagt gjorde eg det. Den skreiv eg saman med manageren min, som er litt betre skriftlig enn det eg. Er er meir i snakketøyet. I tillegg forsto eg at det var fleire andre som hadde sent inn forslag på meg. Kven det er veit eg ikkje.

– Du sendte altså ikkje inn ein demo slik at han veit kva du kan?

– Nei, eg sende berre ein skriftleg søknad, men eg reknar jo med at dei har søkt meg opp på nettet, seier Johnsen som håpar osingane tek turen for å oppleve dei to gitaristane saman.

– Det blir garantert ein bra konsert, avsluttar Hans Marius Johnsen.

Fleire forslo han

Kristin Dæhlie i Frog Music stadfestar at det var fleire som la inn eit godt ord for Johnsen.

– Dette er jo ein turné med 32 stoppestader rundt i landet. På kvar stad inviterer Frode med seg ein gjesteartist opp på scenen. Det er veldig gøy og har vore ei heilt fantastisk oppleving.

– På Os gjekk vi jo ut gjennom mellomanna Midtsiden for å etterlyse lokale gitarister og det er tydeleg at de har eit rikt og godt gitarmiljø i bygda. Det kom inn mange påmeldingar og det var mange fine kandidatar.

– Det var fleire som hadde foreslått Hans Marius og lagt ved lydfiler og video som vi høyrde og såg på saman med Frode. Han virker å vera ein fin og dyktig kar, så Frode og bandet gler seg til å få han med på ei låt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.