Samferdsle | 26. jan. 2026

Får støtte til fleire sykkel-tiltak

Både kommunen og barneskular får økonomisk støtte.

Får støtte til fleire sykkel-tiltak
Sykkelløypa på Nore Neset var ny i 2022. Nore Neset barneskule er no dei som får mest frå fylkeskommunen. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 26. jan. 2026 13:58

I haust fekk Bjørnafjorden kommune 260.000 kroner av Trygg Trafikk til å merka opp permanente sykkelbanar på uteområdet til 13 skular.

No deler Vestland fylkeskommune ut midlar til trafikktryggingsaktivitetar.

Dette inkluderer alt frå lokale sykkelskular, rebusløp for russen og refleksaksjonar – i alt 3.028.000 kroner fordelt på 103 tiltak.

Det er trafikktryggingsutvalet i Vestland fylke som gir ut tilskotet etter møte i utvalet tysdag i førre veke.

– Vi har lagt stor vekt på aktivitetar som ikkje berre gir kunnskap, men òg trening og refleksjon. Slik kan vi bidra til trygg og omsynsfull åtferd, enten du er på veg til skulen, ungdom bak rattet eller eldre bilførar, seier Arve Helle, leiar for Trafikktryggingsutvalet, ifølgje vestlandfylke.no.

I lista over dei 103 tiltaka finn vi fleire mottakarar frå vår kommune.

Tilskot til sykkelskulekurs:

(Mengda kurs i parantes)

  • Fusa barneskule (1) 8.000 kroner
  • Os barneskule (2) 16.000 kroner
  • Baldersheim barneskule (1) 8.000 kroner
  • Ådlandsfjorden barneskule (2) 16.000 kroner
  • Borgafjellet barneskule (1) 8.000 kroner
  • Lunde barneskule (2) 16.000 kroner
  • Lysekloster barneskule (2) 16.000 kroner
  • Halhjem barneskule (2) 16.000 kroner
  • Fusa barneskule (1) 8.000 kroner

Tilskot til annan sykkelaktivitet:

  • Nore Neset barneskule 30.000 kroner (søkte om søkt om 40.000)
  • Søfteland barneskule 18.000 kroner (søkte om søkt om 20.000)
  • Bjørnafjorden kommune, refleks++ 30.000 kroner (søkte om 47.000)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?