Får truleg skjenka til 3 skjærtorsdag
Gjer formannskapet som administrasjonen tilrår får Catten skjenka til klokka 03.00 skjærtorsdag og andre bevegelege helligdagar.
I jula skreiv Midtsiden om Catten og Solsiden som fekk kutta skjenkinga på 1. juledag, ein av årets største utedagar, med ein time som følgje av det nye skjenkeløyvet dei fekk sommaren 2016.
Les: Årets største utedag blir ein time kortare
Tidlegare hadde det nemleg stått i løyvet at skjenking til 03.00 også gjaldt natt til helligdagar, men i det nye løyvet sto det berre fredagar og laurdagar.
– Osingane kjem seint ut, gjerne ikkje før i 00.30-tida. Det gjer at vi med løyvet frå i fjor sommar mister nesten halve omsetninga vår på desse dagene, forklarar Bjarte Andersen, innehavar av Catten.
Betyr mykje
Difor søkte han tidlegare i vinter om å få gjort om løyvet til å gjelde alle dagar frå klokka 12.00 til klokka 03.00.
– Dei store utedagane for oss er 25. og 26. desember, 31. desember, skjærtorsdag, påskeaften, natt til 1. mai og 16. mai. Det er betyr difor mykje for oss at vi får lov til å skjenka fram til klokka 03.00.
– Eg er difor glad for at administrasjonen har ei positiv innstilling til formannskapet, seier Andersen.
Gjestane ventar det
Andersen fortel at gjester har reagert på den innskrenka skjenkinga.
– Folk ventar at vi kan servera dei fram til klokka tre og når dei går ut. At det no ser ut til at vi kan få gjera det frå påsken av vil gjera at vi unngår ein god del irritasjon blant gjestane, trur Andersen.