Sport | 27. sep. 2012

Får TV2 på besøk

Lysekloster kan i morgon bli historisk. Det vil TV2 Sporten få med seg.

Får TV2 på besøk
Blir det siger i morgon så er Lysekloster sikra sitt fjerde opprykk på fire år. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. sep. 2012 23:42

Etter tre opprykk tre år på rad kan Lysekloster i morgon, tre veker før serien er over, sikra sitt fjerde og plass i 3. divisjon neste år.

– Det er i praksis rett. I teorien er det ein viss sjanse for at siger i morgon ikkje er godt nok, seier trenar Ørjan Sandal.

Om Lysekloster slår Brann 3 i morgon må dei tapa alle dei tre siste kampane samtidig som Lyngbø må vinna sine fem og i tillegg henta inn Lysekloster sine 30 plussmål.

Brann 3 slo Lysekloster 4-3 i juni og ligg på 2. plass på tabellen 11 poeng bak serieleiar Lysekloster (med 1 kamp mindre spelt).

Sjå tabell

Først i Noreg

Om Lysekoster rykker opp i år, anten det blir avgjort i morgon eller seinare, blir dei historiske.

– Vi blir i så tilfelle den første klubben som klarer å gå frå nedste nivå til allnorsk serie på første forsøk, forklarar Sandal.

Etter at 3. divisjon i fjor blei halvert fekk divisjonen også status som allnorsk. Tidlegare var det 2. divisjon og opp som blei styrt frå forbundet og ikkje kretsen.

– Lysekloster er neppe første klubb som går direkte frå 7. til 3. divisjon med fire opprykk på rad, men første opp i allnorsk serie på første forsøk. Sidan 3. divisjon er halvert er det naturlegvis hardare no enn før.

– Stas med TV

Det var i dag, torsdag, at TV2 tok kontakt og sa dei ville laga ei større sak om klubben.

– Dei kjem til Lysefjorden i 15-16-tida i morgon for å gjera dei første opptaka, men dei skal også følgja kampen.

– Korleis har de førebudd klubben på TV-dekninga?

– Vi gjer som vanleg, passar på at alt er på stell til heimekamp, med ryddig arena og folk på plass i kiosken. I tillegg har vi naturlegvis informert lagleiarar, medlemmar og foreldre om saka, så det kjem nok litt ekstra folk.

Vanlegvis er det mellom 100 og 250 på heimekampane til Lysekloster, litt avhengig av vêr og kamptidspunkt.

– I morgon kjem det nok litt ekstra uansett vêr, trur Sandal, og håper samtidig også på sportsleg suksess.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.