Lokal | 16. mai 2016

Fare for stenging av parkering på Tøsdal

– Om parkeringsplassen er full så må du finna andre stadar å stå, seier grunneigar.

Fare for stenging av parkering på Tøsdal
Då parkeringsplassen på Tøsdal var full stilte folk seg på innmark. (Foto: Grunneigar)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. mai 2016 20:20

Osingane ser ut til å bli stadig ivrigare med å gå i fjellet.

På Tøsdal er parkeringsplassen, som på seinsommaren 2014 fekk utvida kapasitet frå 7 til 22 bilar, ikkje stor nok på dei finaste fridagane.

– Alle veit at dei ikkje skal gå på innmark. Då skal du heller ikkje parkera der, seier grunneigar Torbjørn Tøsdal.

Også tidlegare i år fortalte han om problem med både køyring og parkering på innmarka.

– Trass i at eg har sett opp gjerde langs begge sider av hovudvegen for å markera at folk ikkje skal parkera på dyrka mark ser det ikkje ut til at nokon bryr seg.

Fare for stenging

Tøsdal søkte sjølv om midlar til utviding av parkeringsplassen, men meiner det er på tide at folk finn andre plassar å stå om parkeringsplassen er full.

– Om dette held fram kan det enda med at parkeringsplassen blir stengt. Vi nærmar oss det punktet, om vi ikkje allereie er der.

Også Os brannvesen reagerer på den ulovlege parkeringa.

– Ved brannutrykning inne på Tøsdal ville vi hatt store problem med å koma fram slik det var i dag. Dei store bilane våre treng heile vegbanen der inne, skriv Os brann, beredskap og legevakt på eiga facebookside.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.