Lokal | 08. juni 2009

Farleg "kubbe-stilling"

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. juni 2009 08:50

Med fint vêr følgjer ofte også mykje fest og tilsvarande mykje bråk og uro. I helga måtte politiet ta hand om fleire konfliktar, og fleire som var for rusa til å klara seg sjølv.

- Verst var det nok ved bussterminalen i Os sentrum. Ein ungdom og ein eldre kar var sterkt rusa, og den eldste låg og søv i ein stilling og ein tilstand som truleg var livstruande, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Politiet fekk begge to på beina, og såg til at dei kom seg frå sentrum med helsa i behald.

Sat og slo
Både natt til fredag og natt til laurdag var det slåssing i eller ved Bar2Be. Den eine av fleire slåsskampar natt til laurdag kan enda med å bli meldt.

Natt til laurdag var det også bråk utanfor Opus, og etter denne episoden kan ein av vaktane bli meldt, opplyser politiet.

- Klokka 01.20 fekk vi melding frå ein som kjørte forbi Søfteland skule. Der sto fleire personar samla rundt ein som låg i bakken. På han som låg sat ein annan og slo mot hovudet, fortel Sperrevik.

Då patruljen kom fram var det ingen på staden.

Rusa kvinner
I 02.30-tida natt til laurdag tok politiet hand om ei dame i slutten av 20-åra. Har var litt for brisen, kasta opp og hadde vanskar for å halda balansen, men etter ei stund klarte ho å gå dei siste meterane heim.

- Natt til sundag møtte vi ei anna rusa kvinne. Ho blei mistenkt for å ha vore rusa på andre ting enn alkohol, så ho blei tatt med både til lensmannskontoret og til legevakt for sjekk.

Lusking, soving og urinering
I helga har politiet også fått melding om mistanke om promillekjøring på Halhjem, men i dette tilfellet fann dei ikkje bilen.

Dei fekk også melding om to personar som luska rundt i Kuvågen, men desse fann dei heller ikkje.

Då meldinga om rusa ungdom i skjergardsjeep ved gjestbrygga kom inn, var patruljen opptatt. Då politiet kom ut til hamna var båten og ungdomane vekke.

To jenter på rundt 20 år blei tatt på fersken for tagging i bussterminalen i sentrum. Denne saka hamna truleg i konfliktråd.

- Natt til sundag fekk vi tips om at ein person sat og søv med motoren i gang. Dette viste seg å vera eit avisbod som tok ein kvil.

I 5-tida tok politiet ein mann i slutten av 30-åra for urinering utanfor Opus. Mannen gav falsk namn til politiet, noko som blei oppdaga, så no blir han meldt for begge delar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.